Småbruket Moen

  • Home
  • Småbruket Moen

Småbruket Moen Contact information, map and directions, contact form, opening hours, services, ratings, photos, videos and announcements from Småbruket Moen, Caterer, Øvre Lårdal, .

🥐🥐 NYHEIT PÅ Nøsteriet! 🥐🥐No har de kome to typar salte, fylte horn i frysaren vår på Nøsteriet. 1. Med chèvre og karame...
28/02/2026

🥐🥐 NYHEIT PÅ Nøsteriet! 🥐🥐

No har de kome to typar salte, fylte horn i frysaren vår på Nøsteriet.

1. Med chèvre og karamellisert lauk!
2. Med pepperoni, tomat og ost!

Tin horna og varm dei litt i omnen, så blir dei som nysteikte. Passar veldig bra som mellommåltid, eller som tilbehøyr til eit lettare måltid som suppe, omelett, pasta osb.

Hugs at me også sel egga våre på Nøsteriet! 🥚🥚🥚

God helg!

🥚🍳🐔 TRENG DU EGG? 🥚🍳🐔Når iskremproduksjonen startar opp att om ikkje så lenge, kjem me til å trenge dei fleste egga sjøl...
23/02/2026

🥚🍳🐔 TRENG DU EGG? 🥚🍳🐔

Når iskremproduksjonen startar opp att om ikkje så lenge, kjem me til å trenge dei fleste egga sjølve, men enn så lenge har me overskot nok til å selje.

Egga får du kjøpt på Nøsteriet på Dalen, eller ved å ta kontakt her i kommentarfeltet eller på Messenger-melding. Dersom det passar, kan me levere egg der me køyrer forbi, eventuelt setje dei ned på mjølkerampa i ein frostsikker emballasje til eit tidspunkt me avtalar. NB: Me har ikkje utsal heime på småbruket.

Medium egg er mellom 53 og 62,9 gram og kostar 55 kr for 12 stk.
Store egg er frå 63 gram og oppover og kostar 60 kr for 12 stk.

PS: Me er ikkje med på REKO-ringen Vest-Telemark 🥕🥩 denne månaden, fordi me må konsentrere oss om andre prosjekt akkurat no! Mellom anna har me akkurat blitt ferdige med å lage til nytt hønsehus! Det har vore på planen ei stund, men grunna vasslekkasje med påfylgjande straumkrøll midt i kuldeperioden måtte me hive oss rundt litt raskare enn me hadde tenkt.

Gunn har planlagt, bestilt, kommandert, stifta og skrudd, snille Paul har snekra, montert og drive generell problemløysing og Sigmund frå Strømstad elektro har lagt opp straum. Så no har hønene mykje betre plass inne! Dei har ljos i taket, varmerør under vaglane, avtrekksvifte, uavgrensa tilgang på økologisk, soyafritt hønsefôr og vatn, mykje dagsljos og ein stor spegel!

I tillegg til hønsefôr får dei grønsaksskrell og avskjer frå kjøkenet og hagen, litt "godteri" i form av mais og tørka mjølorm, heilkorn av kveite og bygg og ertespirer. På etterjolsvinteren får dei resten av joleneka! Og får eg mjøl som går ut på dato, kokar eg graut til dei av dette og blandar inn andre ting dei likar. Dette er veldig populært!

Og trivselen er stor, så egga trillar ut som perler på ei snor!
🥚🥚🥚🥚🥚🥚🥚🥚🥚🥚🥚🥚🥚🥚🥚🥚🥚🥚🥚🥚

Gjekk jolebaksten skeis er det framleis to slag heimebaka småkaker og mykje anna fint og godt å få på Nøsteriet! Ope i d...
22/12/2025

Gjekk jolebaksten skeis er det framleis to slag heimebaka småkaker og mykje anna fint og godt å få på Nøsteriet! Ope i dag og i morgon! ☺️

🎄🎄🎄 SISTE SJANSE! 🎄🎄🎄

Eg hadde eigentleg avslutta årets salsproduksjon i går, og sette dei siste boksane med kokosmakronar og nøttemarengs ned på Nøsteriet på Dalen. Men det tok ikkje mange timane før det var bortimot tomt att!! Desse boksane fyk visst ut av frysaren! MORO! Så i dag heiv eg meg rundt og baka ein porsjon til av kvart slag.

Denne aller siste ladninga er på veg ned til Dalen as we speak (takk til gode hjelparar!) og kjem snart på plass der nede! Nøsteriet har ope i dag til kl. 15, sundagsope i morgon kl. 14–18, måndag 10–16 og tysdag 12–16. Joleftan er det stengt. Så dersom du vil sikre deg desse to populære kakeslaga til jol, er det berre å finne vegen Nøsteriet så fort som fy! For når det blir tomt att no, så blir det tomt til over nyttår!

Eg har lagt ned slikkepotten, og skal no i staden ta opp støvsugar og vaskekost!

🎄🎄🎄 SISTE SJANSE! 🎄🎄🎄Eg hadde eigentleg avslutta årets salsproduksjon i går, og sette dei siste boksane med kokosmakrona...
20/12/2025

🎄🎄🎄 SISTE SJANSE! 🎄🎄🎄

Eg hadde eigentleg avslutta årets salsproduksjon i går, og sette dei siste boksane med kokosmakronar og nøttemarengs ned på Nøsteriet på Dalen. Men det tok ikkje mange timane før det var bortimot tomt att!! Desse boksane fyk visst ut av frysaren! MORO! Så i dag heiv eg meg rundt og baka ein porsjon til av kvart slag.

Denne aller siste ladninga er på veg ned til Dalen as we speak (takk til gode hjelparar!) og kjem snart på plass der nede! Nøsteriet har ope i dag til kl. 15, sundagsope i morgon kl. 14–18, måndag 10–16 og tysdag 12–16. Joleftan er det stengt. Så dersom du vil sikre deg desse to populære kakeslaga til jol, er det berre å finne vegen Nøsteriet så fort som fy! For når det blir tomt att no, så blir det tomt til over nyttår!

Eg har lagt ned slikkepotten, og skal no i staden ta opp støvsugar og vaskekost!

Altså ... eg driv framleis og får "nye" Messenger-meldingar med bestillingar som blei sende på tysdag! Her har det tydel...
18/12/2025

Altså ... eg driv framleis og får "nye" Messenger-meldingar med bestillingar som blei sende på tysdag! Her har det tydelegvis vore noko rusk i maskineriet ein stad. Så: dersom du har send meg noko du ikkje har fått svar på, er det kanskje best du prøver på nytt! Og ver rask, for snart set eg strek ... 😅

Beklagar dårleg bilete, men det var det eg fekk til no i jolestria! 😅 På Nøsteriet på Dalen kan du no kjøpe gåveglas med...
18/12/2025

Beklagar dårleg bilete, men det var det eg fekk til no i jolestria! 😅 På Nøsteriet på Dalen kan du no kjøpe gåveglas med 900 g lynghonning eller 140 g honningrista mandlar! Sistnemnde er som brende mandlar, berre at alt kvitt sukker er bytt ut med honning. Og så er det litt kanel, vanilje og havsalt i dei. Honningsennep sneik seg også med på biletet, men det er me diverre heilt utselde for i år ...

Det er eit par pakkar att av den populære nøttemarengsen, og så kjem det påfyll av den og kokosmakronar så fort eg rekk!

Men te, blomesalt, syltetøy og 250 g glas honning er det framleis att av!

Spiselege gåver er tingen, altså!

Hu hei, kor det går! 😅😅😅

FRAMLEIS IKKJE FOR SEINT! Men du må vere rask!Det er no berre 2 stk, av årets JOLEKOSEPOSAR att!Elles har me eit lite an...
16/12/2025

FRAMLEIS IKKJE FOR SEINT!

Men du må vere rask!

Det er no berre 2 stk, av årets JOLEKOSEPOSAR att!

Elles har me eit lite antal:
Honningkjeks med ingefær
Kokosmakronar
Nøttemarengs med mørk og kvit sjokolade
Te
Blomesalt
Honningkake
Honningrista mandlar
Me har òg 2 stk. ferdige mandelbotnar, og 2 stk. ferdige nøttebotnar! Kjekt å ha på lager i tilfelle uventa gjester!

Det einaste me har rikeleg av er honning!

Ved interesse eller spørsmål, sjå annonsen vår i REKO-ringen Vest-Telemark 🥕🥩 (utlevering i morgon, onsdag), eller ta direkte kontakt i kommentarfeltet eller på direkte melding!

Hugs også at me har ein del av varene våre til sals på Nøsteriet på Dalen. Utvalet varierer, så det er berre å spørje viss du lurar!

GOD JOLEINNSPURT!

Noko godt til kaffien? Jolebakst? Jolegaver?Hugs at du kan få tak i dei populære mandelbollane våre, rabarbrahorn, iskre...
13/12/2025

Noko godt til kaffien? Jolebakst? Jolegaver?

Hugs at du kan få tak i dei populære mandelbollane våre, rabarbrahorn, iskrem, honning, syltetøy, te, urtesalt, lavkarbobrød, valnøttbrød, honningkaker, egg og meir til på Nøsteriet på Dalen!

Ta turen innom i helga, og sjekk samstundes ut Ida sitt rikhaldige utval av garn i alle moglege kvaliteter og fargar! Ho har også strikketilbehøyr, ferdige strikkegenserar og aktivitetspakkar til sals. Gavekort sel ho òg! Og som om ikkje det er nok er det kjempegod eplemost å få kjøpt der! På Nøsteriet kan du altså få gjort mange ærend på same stad!

God helg!

🎄🎄 JOLESTEMNING PÅ Nøsteriet ! 🎄🎄Ida har fått opp joletreet, og somme av teposane frå Småbruket Moen har fått litt jolep...
21/11/2025

🎄🎄 JOLESTEMNING PÅ Nøsteriet ! 🎄🎄

Ida har fått opp joletreet, og somme av teposane frå Småbruket Moen har fått litt jolepynt på seg. Då er det jo ekstra stas å gje dei bort! Det har forresten kome litt granola på hylla no, og i frysedisken er det to nyheiter attått det vanlege sortimentet: Horn med rabarbra- og mandelfyll og nøttekake med sjokoladeganacheglasur og pynt! Hugs at me også har egg i kjøleskåpet!

Ta turen innom Nøsteriet, anten du vil handle garn og strikketilbehøyr eller noko godt til helga! ... Eeeeeller noko etande til å leggje under nokon sitt joletre! ;-)

🎄🎄🎄

Ta turen innom Nøsteriet på Dalen! Der er det triveleg stemning og kjempeutval av garn og strikkeutstyr! God sørvis og s...
08/11/2025

Ta turen innom Nøsteriet på Dalen! Der er det triveleg stemning og kjempeutval av garn og strikkeutstyr! God sørvis og solid fagkunnskap får du på kjøpet!

I tillegg kan du få med deg noko etande heim! Småbruket Moen sel iskrem, egg, valnøttbrød, lavkarbobrød, fem sortar te, kokosmakronar, nøttemarengs, rabarbrasyltetøy, honning, nøtte- og mandelbotnar og ikkje minst dei populære kanelbollane med mandelfyll og eggekrem! Dei er det berre å tine litt på benken og varme i omnen i fem minutt, så blir dei akkurat som nysteikte!

Kikk innom kroken vår, der me har ein fryseboks og ei tørrvarehylle. Egga finn du i kjøleskåpet!

Du er velkomen til ein hyggjeleg handel hjå Ida på Nøsteriet!

Address

Øvre Lårdal

3891HØYDALSMO

Website

Alerts

Be the first to know and let us send you an email when Småbruket Moen posts news and promotions. Your email address will not be used for any other purpose, and you can unsubscribe at any time.

Contact The Business

Send a message to Småbruket Moen:

  • Want your business to be the top-listed Event Planning Service?

Share