Voss Cup

Voss Cup 11.-13. juni 2027
Fotballcup for born i alderen 7-12 år.
700 lag
7.000 deltakarar

Me tar sommarferie og tillet oss å koma med ei oppmoding; lat den frie løkkefotballen få leva i sommar. Dropp invitasjon...
30/06/2026

Me tar sommarferie og tillet oss å koma med ei oppmoding; lat den frie løkkefotballen få leva i sommar. Dropp invitasjonar i Spond, oppjogg, sjef over ball og firkant. Lat ungane vera ungar, og styra leiken sjølv. Det har både store og små fotballentusiastar godt av. God sommar!

Me vil retta ein stor takk til alle våre fantastiske dugnadsarbeidarar. Utan dei vert det ikkje vaffel, ikkje dømming, i...
18/06/2026

Me vil retta ein stor takk til alle våre fantastiske dugnadsarbeidarar. Utan dei vert det ikkje vaffel, ikkje dømming, ikkje fotballkort, ikkje grillmat, ikkje bosplukking, ikkje disko, ikkje banevakt, ikkje frokost, ikkje nattevakt, ikkje cup. Tusen takk!❤️

Me vil nok ei gong takka for ei fantastisk helg! Kos dykk med eit lite bildedryss frå aktivitetsparken og vinkegjengen. ...
15/06/2026

Me vil nok ei gong takka for ei fantastisk helg! Kos dykk med eit lite bildedryss frå aktivitetsparken og vinkegjengen. Me ynskjer dykk hjarteleg velkomne attende til Voss Cup 11.-13.juni 2027.

Og plutseleg var det over…tusen takk til alle som var med oss på den 35 utgåva av Voss Cup! Me håpar alle har hatt ei go...
14/06/2026

Og plutseleg var det over…tusen takk til alle som var med oss på den 35 utgåva av Voss Cup! Me håpar alle har hatt ei god helg fyllt med idrettsgleda og samhald. Saman har me skapt minner for livet. Velkomne attende i 2027.❤️

For ein strålande fin Voss Cup-laurdag det var! De lagar utruleg god stemning, folkens. Fortsatt har me mykje fotball og...
14/06/2026

For ein strålande fin Voss Cup-laurdag det var! De lagar utruleg god stemning, folkens. Fortsatt har me mykje fotball og moro att, og i dag er det kanskje dagen for eit bad? Alle våre kioskar og serveringsstadar er opne, og det er fortsatt mogleg å kjøpa seg fotballkort. Fotballfesten er ikkje over☀️

Takk for ein strålande start på Voss Cup! Litt våte vart me, men stemninga var uansett på topp. Me opna med eit storslag...
13/06/2026

Takk for ein strålande start på Voss Cup! Litt våte vart me, men stemninga var uansett på topp. Me opna med eit storslagent oppgjer mellom Superlaget og Sponsorlaget i går, etterfulgt av masse kjekk barnefotball, og i dag held festen fram. Ikkje gløym:
- grillen, Peppes Pizza, BigBite og våre kioskar held ope heile dagen.
- fotballkort finn du i 2.etasje i Vossabadet.
- Vossabadet og utebassenget held ope, ta ein dukkert!
- i kveld er det disko i diskoteltet frå 18.00.
- det vert ein strålande fotballdag, lukke til!

Kjære fotballvener!Det er med stor gleda eg kan ynskja dykk alle hjarteleg velkomne til Voss Cup nummer 35! Det er ei ær...
12/06/2026

Kjære fotballvener!
Det er med stor gleda eg kan ynskja dykk alle hjarteleg velkomne til Voss Cup nummer 35! Det er ei æra å leia eit så etablert arrangement, som utifrå etterspurnaden å dømma, fortsatt held seg like relevant.
Frå me opna påmeldinga til cupen vart fullteikna tok det kun åtte dagar. Det er ein fantastisk respons som gjer oss både stolte og audmjuke. Vit at me ikkje tar lett på ansvaret me har, når me tar i mot over 15 000 personar på ei helg. Her skal alle føla seg velkomne, trygge og ivaretatt.
Fotballen skal alltid spela hovudrolla på Voss Cup, og me ynskjer at alle spelarar skal få kjenna på idrettsgleda og meistring denne helga. Dessutan håpar me at aktivitetar som mellom anna kino, bading og disko skal vera med på å gje dykk minner for livet i lag med gode vener.
Voss Cup hadde ikkje vore noko utan alle dei fantastiske dugnadskreftene som er i sving, og eg vil retta ein stor takk til kvar og ein som stiller opp frivillig for å hjelpa til på fotballfesten denne helga. De er gode!
Til slutt ynskjer eg å understreka for alle at det som skjer på banen denne helga ikkje handlar om antal mål, feil eller riktig dommaravgjersla, siger eller tap. Dette er barnefotball, og resultatet betyr ingenting. Det er dei vaksne sitt ansvar å visa dette til spelarane gjennom ord og handlingar. Ver eit godt føredøme! Me kjem til å slå hardt ned på uønska oppførsel frå både born og vaksne, og har sjølvsagt nulltoleranse for ufin språkbruk, vald og stygge kommentarar.
Eg har stor tru på at me saman skal få ei fantastisk fin helg, for det er trass alt ingen fotball som er betre enn barnefotballen.
Velkomne til Voss og lukke til med årets cup!
Med beste helsing
Kjersti Solvoll Bakketun
Turneringsleiar

Adresse

Idrottsvegen 18
Voss
5700

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Voss Cup legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Voss Cup:

Snarveier

Del