Fjordamattunet

Fjordamattunet Fjordamattunet tilbyr kurs og matopplevingar i særeigne omgjevnader i Jølster. I trivelege lokale kan de møtast for å lære, oppleve og nyte.

Fjordamattunet er bygd opp rundt Kari Støfringsdal sin unike kompetanse på tradisjonsmat og matkultur. Her har vi tilbod om kurs og matopplevingar som passar for alle, både arbeidskollegaer, organisasjonar, vener, familiar og dei som driv med lokal foredling eller servering. Maten vert laga i fellesskap, og det gode måltidet er ein viktig del av opplevinga. I tunet på garden til Bård Støfringsdal

og Kjersti Wæhre er det laga til eit bakstehus i den gamle fjøsen. Der er det eit moderne kjøkken, stor vedfyrt bakaromn og bord til baking og felles måltid. Om vi tek heile løa i bruk kan vi ha større arrangement. Løa vert også nytta som konsertarena, mellom anna under Førdefestivalen i juli.

27/12/2023

👩‍🍳STEM PÅ KARI👏Ingrid Espelid Hovigs matkulturpris skal delast ut for 30. gang, og Kari Støfringsdal er ei av fire finalistar. Kari er kjend for kokebøkene FJORDAMAT og TA KAKA, driv Fjordamattunet i Jølster og er mykje brukt som kurs- og foredragshaldar om tradisjonsmat. DU kan vere med på å bestemme om ho skal få den gjeve prisen. Les om kandidatene og stem på din favoritt i lenkja: https://stiftelsennorskmat.no/ingrid-espelid-hovigs-matkulturpris/
Del gjerne😀

02/10/2023
08/07/2023
Snart konsert i Fjordamattunet igjen! Årets avslutningskonsert på Førdefestivalen, med det svenske bandet Breda gatan, v...
05/07/2023

Snart konsert i Fjordamattunet igjen! Årets avslutningskonsert på Førdefestivalen, med det svenske bandet Breda gatan, vert i tunet hos oss.

Yr lovar strålande sommarver, akkurat som på konserten med Kvinnekoret Kvitre i juni. Nyt ein fika i tunet før konserten, frå Kari sit kjøkken.

Nokre glimt frå ein strålande sommarkveld med Kvinnekoret Kvitre 2. juni.

Adresse

Dalevegen 71
Vassenden
6847

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Fjordamattunet legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Fjordamattunet:

Del

Fjordamattunet - kurs og oppleving

Fjordamattunet er bygd opp rundt Kari Støfringsdal sin unike kompetanse på tradisjonsmat og matkultur. Her har vi tilbod om kurs og matopplevingar som passar for alle, både arbeidskollegaer, organisasjonar, vener, familiar og dei som driv med lokal foredling eller servering. Maten vert laga i fellesskap, og det gode måltidet er ein viktig del opplevinga.

I tunet på garden til Bård Støfringsdal og Kjersti Wæhre er det laga til eit bakstehus i den gamle fjøsen. Der er det eit moderne kjøkken, stor vedfyrt bakaromn og bord til baking og felles måltid. Om vi tek heile løa i bruk kan vi ha større arrangement. Løa vert også nytta som konsertarena, mellom anna under Førdefestivalen i juli.