Gjendeguiden

Gjendeguiden Vi er lokalisert i Vågå midt i Nasjonalparkriket - og har Jotunheimen, Rondane og Dovrefjell i nab

Vi er lokalisert i Vågå midt i Nasjonalparkriket - og har Jotunheimen, Rondane og Dovrefjell i nabolaget.Gjendeguiden har bred erfaring og stor kunnskap innen friluftsliv og guiding - og tilbyr turer sommer som vinter, stisykling, skredkurs og randonée

24/07/2023

Kunne du tenkje deg dette som din nye kontorplass?
Vågå Tamrein AS har ledig fast 100% stilling som gjetar. Oppstart frå 15. november 2023. Det er naudsynt med førarkort klasse BE og S for stillinga.
Søknad sendes på e-post: [email protected]
For informasjon om selskapet sjå: www.vagarein.no
Søknadsfrist 10. august 2023.
Spørsmål om stillinga kan rettast til styreleiar på tlf. 99041360

Vi er glade for å ha hatt med Benjamin Plaisance på laget vårt tidligare, og det er ekstra artig at han nå har rydda fra...
02/05/2023

Vi er glade for å ha hatt med Benjamin Plaisance på laget vårt tidligare, og det er ekstra artig at han nå har rydda fram noko av den bratte og artige stisyklinga som finnes på Otta.

Lykke til vidare Benjamin, og kanskje me må henge på deg ein dag😉

Hva får du når du mikser tradisjonelt norsk dalføre med innflyttet franskmann? Noen av de beste stiene på norsk jord, skal det vise seg.

30/03/2023

🐣Til helga kan du innvie påskeferien med å være tilskuer til Høkkers Invitational 2023! I publikumsområdet serveres grillmat og drikke og værmeldinga ser bra ut!🌞

I år kan du få med deg hele showet fra nede, så det er ikke nødvendig å ha på ski eller ta heis for å få med seg høydepunktene!

- Og husk After Party på klubben i Vågåmo etterpå! Dørene åpner kl.21:00

Foto: Frys Film

SpareBank 1 Lom og Skjåk Helly Hansen Lemonsjøen - Porten til Jotunheimen

Takk for turen!♥️2023 bankar på døra, og vi fire som står bak Gjendeguiden AS, vil gjerne takke alle gjestar og samarbei...
22/12/2022

Takk for turen!♥️

2023 bankar på døra, og vi fire som står bak Gjendeguiden AS, vil gjerne takke alle gjestar og samarbeidspartnere som har vore med oss, fulgt oss og støtta oss, sidan oppstarten i 2016.

Vi har nå løyst opp selskapet etter ei lang og god vurdering. Denne avgjerda er udramatisk og har heldigvis minst med pandemi å gjera, sjøl om alt heng saman med alt. Vi fire har rett og slett meir enn nok med å følge opp våre andre arbeidsforhold, famile og forpliktelser. Å drive selskap på kveldstid er krevande.

Gjendeguiden vart etablert som eit "overskotsprosjekt" , med ønskje om å kunne tilby turistar og fastbuande trygge, lærerike og gode naturopplevingar i Ottadalen og Jotunheimen. Med reiselivskompetansen til Marius på Gjendesheim Turisthytte DNT og Harald Rune frå Gjendebåten i botten, laga Ørjan og Knut-Erik kurs og turar som vart særs ettertrakta, og skapa aktivitet både i høgsesong og lågsesong. Sjøl om vi fyrste åra hadde kun vinter og ski på programmet, vart det fort utvikla gode heilårs reiselivsprodukt, både til fots, på sykkel og i kajakk.

Høyt berre her;
👉Gjendeguiden var av dei fyrste som utvikla gode introduksjonskurs for alpin skiferd (randonee) og skredlære. Hundrevis har lært å ramle og reise seg på ski med oss.
👉Gjendeguiden etablerte, utvikla og drifta den høgt verdsette Besseggenpatrulja på oppdrag for det lokale reiselivet rundt Besseggen, seinare med støtte frå fylke og staten. Det vart omlag 250 turar over Besseggen til alle døgnets tider!
👉 Gjendeguiden var fyrste miljøsertifiserte aktivitetsbedrift i Nord Gudbrandsdalen. Stiftelsen Miljøfyrtårn
👉 Gjendeguiden var pådrivar for å få i stand ei nasjonal sykkelguideutdanning, og deltok på det fyrste NMIG kurset som vart gjennomført på Lemonsjøen.
👉Gjendeguiden inviterte til nærmiljøturar på sykkel, i kajakk og på ski, og "Grendarodeo" med Gjendeguiden var eit låkterskeltilbud som fekk mange opp av godstolen og ut på tur.
👉Gjendeguiden introduserte flattvannspadling og havkajakk for mange på Vågåvatnet med grunnkurs og teknikkurs etter Norges Padleforbund sin kursstige.
👉Gjendeguiden var med og støtta Lom skifestival med skiføring og utvikling av tematurar i fleire år.
👉Gjendeguiden hadde fokus på høgt servicenivå, høg kompetanse på vegledere, småe grupper og gode lokale matopplevingar. Det meste ligg til rette for store naturopplevingar i verdas beste klasserom, Jotunheimen.
⛷️♥️
I tillegg "opna" Gjendeguiden Besseggen på vinteren. Med fjellski og alpine turski fekk mange oppleve den sagnomsuste turen i si finaste vinterdrakt, nesten einsleg.

Gjendeguiden fekk mykje positiv mediemerksemd, spesielt med Besseggenpatrulja, og vi fekk mange flotte samarbeidspartnarar frå ulike hold. Vi sender ein varm takk til Norrøna og Sporten Beitostølen. Desse gav Gjendeguiden eit løft ved oppstart, og var solide støttespelarar i alle år. Seinare kobla Fischer Norge seg på med godt vinterutstyr til både nordisk og alpin skiferd, og Crispi Norge med fottøy. Takk også til Vågå kommune og Øystre Slidre kommune for velvilje og positiv innstilling.

I tillegg vil vi takke Norsk Luftambulanse, Vågå Røde Kors og Politiet i Innlandet for godt samarbeid med Besseggenpatrulja. Statistikken viser at det er fornuftig å vere føre var, ved å kunne vere tilstades før ting utviklar seg. Og berre så det er sagt; det er i hovedsak nordmenn som har hatt behov for ei hjelpande hånd over Besseggen..🤗

Alle andre aktørar, førerar, vegleiarar og turistvertar som vi har arbeidd saman med; tusen takk for mykje moro og gode turminner!

Tusen takk til Kjell Erik Reinhardtsen Photography for fine bilder, stødig føring og godt turfølge gjennom heile reisa vår!

Vi håpar at yngre krefter kan finne motivasjon og tid til å etablere seg som aktivitetsleverandør for heimfjell og høgfjell i Vågå. Pandemien spesielt, og ei uroleg verd generelt, har ført til at folk i enno større grad vender seg til skog og fjell, for å samle overskot og renske hugu! Mange både ønskjer og treng stødig turfølgje. Hansken er kasta!

Sjøl om selskapet Gjendeguiden AS er historie er Gjendeguidene høgst oppegående. Ørjan har hendene fulle i Forsvaret, og Knut-Erik er klar for ny vinter som skivegleder. Du finn han som "Besseggen Fjellsport" på SoMe og ellers der det er ufyseleg, kvitt og kaldt. Harald Rune og Marius er fortsatt ivrige skippere på kvar si skute ved Gjende.

Vi ønskjer alle ei fin førjulstid, og håpar folk finn fram fjellskia og ruslar ein tur mellom fjellbjørk og snaufjell. Å få låg vintersol rett i ansiktet er nesten like godt som å bade i ribbefett!⛷️😃

Kos deg med bilder av trivelege gjestar på tur dei siste seks åra. No er det din tur!♥️

Helsing
Ørjan, Knut-Erik, Marius og Harald Rune

Finn fram fjellskia folkens😉❄️Viss du må gjera ein handel, stikk innom dei dyktige folka på Sporten Beitostølen 👍
19/10/2022

Finn fram fjellskia folkens😉❄️
Viss du må gjera ein handel, stikk innom dei dyktige folka på Sporten Beitostølen 👍

KVA ER DIN DRAUM? Vi blar litt i albumet vårt og ser alle dei fine folka og fjella vi er så heldige å få bli kjent med. ...
25/01/2022

KVA ER DIN DRAUM?

Vi blar litt i albumet vårt og ser alle dei fine folka og fjella vi er så heldige å få bli kjent med. Vinterfjellet er viktig for oss, men det er du også! Akkurat no har vi litt marginale skiforhold i Jotunheimen, men det vil nok endra seg framover. Vi er optimister! Og sjølv om vi ikkje har fleire kurs i vinter, har vi faktisk byrja sjå på aktuelle helger for kurs vinteren 2023.

GJENDEGUIDEN sitt eigenutvikla kurs "Intro skred&rando" har vorte nesten referansekurset for mange, og dette er kurset for deg som er heilt ny på alpine turski, for deg som har gått mykje på fjellski, og for deg som vil lære håndverket med vinterskiløping i høgfjellet. Det er maaaange som treng dette kurset!😀

I Jotunheimen finn du mange aktørar som byr på aktivitetar på ulike nivå, og på Visit Jotunheimen finn du mykje info om desse! Inntil våre skispor kryssar kvarandre igjen, sørg for å;

-gå og kjøre mykje på ski, uansett føre, gjerne i skianlegg, og kanskje ta ein time med ein skiinstruktør.
Det har du berre godt av!

-trene med sender/mottager, spade og søkestang. Saman. Ute. I kulda. Kanskje til og med i mørket.

-å studere kart over områder du kunne tenkt deg å besøke. Tren på å planlegge turar med kart og digitale verktøy, gjerne ved hjelp av "snøskredskolen" på Varsom.no. https://www.varsom.no/snoskredskolen/

Med ønskje om ein trygg vinter, både med og utan ski, og med og utan munnbind!

Ørjan&Tesso

GJENDEGUIDEN vil ynskje alle gode vener, kollegaer, gjester og samarbeidspartnarar eit GODT NYTT ÅR! Vi veit lite om fra...
31/12/2021

GJENDEGUIDEN vil ynskje alle gode vener, kollegaer, gjester og samarbeidspartnarar eit GODT NYTT ÅR!
Vi veit lite om framtida, men det er kanskje det som er sjølve livet? Bruk tida på det som gjev deg glede og overskot, og strekk ut ei hånd der det trengs!

Og hugs;
Ein skitur i høgfjellet er mykje meir enn ein skitur.♥️

Ørjan & Tesso

GRATULERER!⛷️♥️🏅GJENDEGUIDEN gratulerer Iver Lund Aakre, Kjetil Søvik og Andreas Wenk med fullført kvalifisering og oppr...
12/12/2021

GRATULERER!⛷️♥️🏅

GJENDEGUIDEN gratulerer Iver Lund Aakre, Kjetil Søvik og Andreas Wenk med fullført kvalifisering og opprykk som Skivegleder!

Kull-19 er det fyrste kullet som har gjennomført det nye kvalifiseringløpet til NORTIND, Norske Tindevegledere. Det har vore 3 særs lærerike, krevande og innhaldsrike år, og sjølv om ein aldri blir utlært, står ein no enno litt stødigare i møte med både "livsfaren" og forventningsfulle gjestar, som skivegleder i den norske fjellheimen.

Covid-19 har klussa det litt til med tanke på gjennomføring av 6 obligatoriske praksisveker, men vi andre på kull-19 er på oppløpsida bak desse tre, og vil vere ferdige med praksisveker i løpet av vinteren.

GJENDEGUIDEN gratulerer også kollega Sondre Kvambekk i Skjåk, med opprykk som Tindevegleder!

Endeleg er Ottadalen med Vågå, Lom og Skjåk, ute av "tørka"😉, og kan no by på eit førebyggjande og inkluderande miljø av skivegledere og tindevegledere, som legg lista høgt for trygge og lærerike opplevingar i fri natur, i godt samarbeid med andre etablerte fjellmiljø som Norsk Fjellsenter, Kompetansesenter For Fjellredning, Røde Kors, Alpin Redningsgruppe og Skredgruppa Innlandet.

Og hugs; det handlar mest om folk!
God 3.sundag i advent!⭐

Ørjan&Tesso

Nortind - Norske Tindevegledere
Norrøna
Visit Jotunheimen
Nasjonalparkriket
https://www.instagram.com/norsketindevegledere/p/CXWrdfxKiKH/?utm_medium=share_sheet

VELKOMEN TIL JOTUNHEIMEN!Fyrst ut for sesongen er LOM SKIFESTIVAL,11-14. november, også kjent som vinterens trivlegaste ...
31/10/2021

VELKOMEN TIL JOTUNHEIMEN!

Fyrst ut for sesongen er LOM SKIFESTIVAL,11-14. november, også kjent som vinterens trivlegaste møteplass for alle skiglade, på like trivelege NORSK FJELLSENTER. Festivalen er naturlegvis utseld😍, men vi kan likevel mimre oss attende med bilder fra pre-covid tid! Sjå meir her; lomskifestival.no.

Årets tema er "Leik", eit aktuelt tema! I eit par år har leik kanskje ikkje vore høgast prioritert, men på same tid har det, sett i ettertid, for mange vore det viktigaste så langt det let seg gjere. Å leike på ski gjev mykje attende til kropp og hugu, og det vil både tidlegare høgskulelektor Bjørn Tordsson, og tidlegare verdsmeister i telemark, Sigrid Rykhus, prate meire om! Vi gler oss!🌟

GJENDEGUIDEN inviterer på føringsturar og sosialt samvære. Jotunheimen i november er aldri prega av mykje sjog, og det kjenneteiknar både kor vi legg sporet og korleis vi førebur oss og gjennomfører ferda.
Vi lovar god stemning! Og har du ikkje festivalpass kan du sikkert ta ein skitur eller fottur der du bur i staden, og sørge for å melde deg på neste år!❄️⛷️

GRATULERER SOM NORGESMESTER! 💫💯♥️Benjamin Plaisance, vår franske venn og sykkelguide, dro til skikkeleg på Hafjell i hel...
27/09/2021

GRATULERER SOM NORGESMESTER! 💫💯♥️

Benjamin Plaisance, vår franske venn og sykkelguide, dro til skikkeleg på Hafjell i helga, og tok gull i utfor i Masters Class. Benjamin er både ein veldig dyktig syklist og triveleg sykkelguide, og faktisk ein av få i Norge med internasjonal godkjenning som profesjonell sykkelguide.

Mange i Vågå og Ottadalen har fått gode råd og treningstips på tur saman med Benjamin, men vi trur kanskje at vi ikkje skal henge på når han gjev full gass...

Kos deg med gullet og småbarnstilværelsen Benjamin!

BRUKAR DU SJUMILSTØVLER?Mange ønskjer å mestre høgfjellet med ski på beina. Og mange har dårleg tid. Men store ambisjona...
23/09/2021

BRUKAR DU SJUMILSTØVLER?

Mange ønskjer å mestre høgfjellet med ski på beina. Og mange har dårleg tid. Men store ambisjonar. Når verda likevel har stoppa litt opp siste året, så kan vi kanskje puste med magen og tenkje etter kva vi eigentleg vil, og ikkje minst kva vi treng lære meir om. For du kan faktisk ganske mykje! Vinterfjellet er fantastisk, og GJENDEGUIDEN elskar å vise deg kombinasjonen av kulde, slit, mestring og skiglede. På våre skikurs er vi mest opptatt av di mestringskjensle og utvikling, og mindre av smørbrødlista med tematisk innhald.

Vi ser endeleg skispor i horisonten, og har allereie planlagt mykje av kursvinteren. Neste veke er det oktober, og i løpet av november vil du kunne finne ditt kurs med GJENDEGUIDEN, samtidig som vi relanserar ei nyoppussa heimeside. Takk for at de fortsatt er med oss. Det har ikkje akkurat vore enkelt!🙏

Vil du ha litt starthjelp med å legge sjumilstøvlene på hylla? Ok, finn deg eit kart med målestokk 1:50.000 eller mindre over eit turområde du kjenner godt. Start med å lære deg korleis terrenget er innteikna på kartet. Korleis ser du i kva retning terrenget hellar, og kva betyr dei ulike kartsymbola? Kva for himmelretning kjem det som oftast snø frå hjå deg, og kor på kartet er det mest sannsynleg å finne skjerma snø, altså godt skiføre som er lite påverka av vind. Eller sol, når våren kjem... Sånn, der har du kveldsarbeid til godt ut i november, minst 😀!

Følg oss på Instagram og fb, og inviter ein ven på vintereventyr i Jotunheimen med GJENDEGUIDEN.

Ørjan&Tesso

DEL 1 Takk til Sivert!🙏Sjøl om vi berre er halvvegs  gjennom turistsesongen i Jotunheimen, er det naturleg for GJENDEGUI...
22/08/2021

DEL 1 Takk til Sivert!🙏

Sjøl om vi berre er halvvegs gjennom turistsesongen i Jotunheimen, er det naturleg for GJENDEGUIDEN å takke våre viktigaste "allierte" så langt!

Tusen hjarteleg takk til Sivert Bjørnsrud frå Otta, som har hatt sommarengasjement i GJENDEGUIDEN, og som avslutta skuleferien med sin tur nr. 40 som BESSEGGENPATRULJE. Vi hadde ei foreløpig evaluering førre veke, der sommarens hendingar og erfaringer frå patrulja vart gjennomgått. Sivert ga oss ein god rapport.Vi kan vel trygt si at det er mange klassiske situasjoner som vi har vore borti tidlegare. Mange blir (fortsatt) overraska over at turen er meire krevjande og lengre enn forventa. Mange er (fortsatt) litt for dårleg utstyrt, og dei fleste som treng hjelp fra Besseggenpatrulja, Røde Kors eller Luftambulansa er (fortsatt) norske fjellturistar. Dessutan er det (fortsatt) ein del turistar som mister litt søppel her og der...
Altså, kven treng vel våtserviettar på dagstur?😤

Sivert har gjort ein solid jobb og har vore særs sjølgåande i patrulja. Han har levert fysisk og psykisk støtte, samt støttebandasjar, stavar og seigmenn til mange takknemlege fjellturistar. Sivert er nå attende på Norges Idrettshøgskole i Oslo for vidare studier. Velkomen attende når det måtte passe, Sivert, og lykke til vidare på NIH. Takk til "NIH Friluftslivsfag" som leverar gode "råvarar" til utprøving i Jotunheimen!🌟

Vi ser etterkvart at BESSEGGENPATRULJA gjev gevinst i både dobbel og trippel forstand. Spleiselaget ved Gjende som har fått nasjonal merksemd, leverar enkle løysingar på ei veksande utfordring. Patrulja er i forkant mtp potensielle ressurskrevande redningsaksjonar, og Besseggen, som landets mest ikoniske fjelltur, får jevnleg ettersyn av patrulja. I tillegg trur vi at BESSEGGENPATRULJA kan gje verdifull erfaring for ungdom som ønsker å arbeide med folk til fjells, som kanskje er under utdanning innan friluftsliv/reiseliv, og som ønskjer ein realitetssjekk der teori blir til praksis.

Vi ønsker alle ein fin haust, og minnar om at nærturar er like viktige som fjernturar. Hausten byr på store naturopplevingar både i skogen, på fjellet og ved sjøen. Dessutan kan du nå rydde i boden og finne fram alt av turutstyr du ikkje lenger brukar, og sørge for at andre kan overta det. Da søv du litt betre!😉

Helsing
Ørjan og Tesso

Adresse

Moavegen 1
Vågåmo
2680

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Gjendeguiden legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Gjendeguiden:

Del