Fabelaktig Fredag Søre Sunnmøre

Fabelaktig Fredag Søre Sunnmøre Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Fabelaktig Fredag Søre Sunnmøre, Arrangementsplanlegger, Sjøgata 10, Ulsteinvik.

🎉 For ein Fabelaktig Fredag på Søre Sunnmøre! 🎉Over 300 arbeidssøkarar og over 40 bedrifter frå regionen møttest på Qual...
08/11/2025

🎉 For ein Fabelaktig Fredag på Søre Sunnmøre! 🎉

Over 300 arbeidssøkarar og over 40 bedrifter frå regionen møttest på Quality Hotel Ulstein og Sjøborg kulturhus og kino til den aller første Fabelaktig Fredag Søre Sunnmøre! Totalt var over 500 mennesker innom. Og samla hadde vi representantar frå omlag 8000 lokale arbeidsplassar tilstades. Ein dag fylt med inspirasjon, inkludering og nye moglegheiter! 💪

Dette var meir enn ei vanleg jobbmesse. Det var ein inkluderande møtestad som bygde bru mellom arbeidslivet og arbeidssøkarane, og som løfta fram mangfald og samarbeid som nøkkelen til framtidas rekruttering. 🌟

Tusen takk til alle samarbeidspartnarar og bedrifter som stod bak dagen. Gjennom gode samtalar, foredrag og spanande stands fekk mange både jobbintervju og oppfølgingssamtalar på staden. Heilt fabelaktig! 🙌

👏 Gratulerer til
🏆 Vartdal Plast – Ungdomssatsaren 2025
🏆 Metizport – Årets nyskapar 2025
🏆 Ann Turid Egset – Årets eldsjel

Og ikkje minst: takk til alle nominerte og deltakarar som bidrog til eit meir inkluderande arbeidsliv! ❤️Det er nøkkelen til morgondagens verdiskaping.

Ein stor applaus til alle som har vore med og løfta fram verdien av fellesskap, samarbeid og mangfald. Dette viser kva vi får til når vi jobbar saman på tvers av kommunegrenser og bransjar! 💫

Snakkast i 2026...

✨ Over 40 lokale bedrifter samlast på Fabelaktig Fredag! ✨Fredag vert eit skikkeleg høgdepunkt når heile arbeidslivet på...
06/11/2025

✨ Over 40 lokale bedrifter samlast på Fabelaktig Fredag! ✨

Fredag vert eit skikkeleg høgdepunkt når heile arbeidslivet på Søre Sunnmøre møtest til kveldsarrangementet på Fabelaktig Fredag Søre Sunnmøre 🎉

Frå kreative gründerar til små og store verksemder. Over 40 unike bedrifter står klare til å vise fram alt det fabelaktige som skjer i regionen vår 💪🌊 Ein inspirasjonsdag der arbeidsgjevarar, eldsjeler og samfunnsengasjerte menneske møtest for å dele erfaringar, bygge bru og saman skape framtidas inkluderande arbeidsliv!

🗓 Fredag 7. november
📍 Quality Hotel Ulstein / Sjøborg kulturhus og kino, Ulsteinvik
🕞 Dørene opnar kl. 15:30 – program frå 15:45 til 18:00
🍴 Etterpå: Tapas og mingling på Quality Hotel Ulstein (kr. 395,- pr. pers.)

🎟 Arrangementet er gratis – meld deg på her:
👉 https://events.berg-hansen.no/ParticipantWeb/PersonalDetails?projectId=75071&bookingRef=1254931

📚 Les meir om programmet her:
👉 https://www.fabelaktigfredag.no/sunnmore/sore-sunnmore/fabelaktig-fredag-for-naeringslivet/

👇 Under finn du logoane til alle bedriftene som stiller med stand. Eit ekte kraftsenter av samarbeid, skaparglede og lokalt engasjement!

🎉 Vik Ørsta kjem på stand under Fabelaktig Fredag Søre Sunnmøre! 💪Vi gler oss til å få med oss ei av dei mest solide ver...
04/11/2025

🎉 Vik Ørsta kjem på stand under Fabelaktig Fredag Søre Sunnmøre! 💪

Vi gler oss til å få med oss ei av dei mest solide verksemdene i regionen, kjent for smarte løysingar og stoltheit for norsk industri.

Kom innom standen deira og bli betre kjent med folka bak stolpane, rekkverka og alt det som står støtt i vinden 💨

🔗 Les meir om Vik Ørsta her: https://www.vikorsta.no

Vi skaper trygge samfunn med sikkerhetsløsninger for parker, veger, tunneler og havner. Produsert og levert fra våre egne fabrikker i Norge.

🎉 Kjære arbeidsgjevar og samfunnsengasjert på Søre Sunnmøre!For aller første gong inviterer vi til Fabelaktig Fredag for...
03/11/2025

🎉 Kjære arbeidsgjevar og samfunnsengasjert på Søre Sunnmøre!

For aller første gong inviterer vi til Fabelaktig Fredag for Arbeidslivet. Ein inspirasjonsdag der arbeidsgjevarar og samfunnsengasjerte møtest for å dele erfaringar, bygge bru og skape framtidas inkluderande arbeidsliv! 🙌

🎟️ Arrangementet er gratis, men vi treng di påmelding:
👉 https://events.berg-hansen.no/ParticipantWeb/PersonalDetails?projectId=75071&bookingRef=1246310

📅 Fredag 7. november
📍 Quality Hotel Ulstein / Sjøborg kulturhus og kino, Ulsteinvik
🕞 Dørene opnar kl. 15:30 – program frå 15:45–18:00
🍴 (Etterpå): Tapas og mingling på Quality Hotel Ulstein (kr. 395,- pr. pers.)

✨ Kvifor bør du vere med?
💡 Få inspirasjon frå engasjerande historier og gode døme
🤝 Bygg nettverk med andre leiarar og aktørar frå regionen
🚀 Få nye perspektiv på rekruttering, inkludering og framtidas arbeidsliv
😄 Avslutt veka med tapas, latter og gode samtalar

📖 Les meir om programmet her:
👉 https://www.fabelaktigfredag.no/sunnmore/sore-sunnmore/fabelaktig-fredag-for-naeringslivet/

La oss vise kor mykje kraft og kreativitet som ligg i arbeidsgjevarane på Søre Sunnmøre 💪

Vel møtt til ein fabelaktig fredag fylt med inspirasjon, fellesskap og gode smakar! 🧡

03/11/2025

🎉 Hareid Group kjem på Fabelaktig Fredag! 🎉
Møt dei på standen og få eit glimt inn i framtidas teknologi og arbeidsliv på Søre Sunnmøre ⚡️

28/10/2025

🎉 Fabelaktig Fredag Søre Sunnmøre nærmar seg! 🎉
Vi er glade for å fortelje at Hareid Group kjem med eigen stand denne dagen! 👏
Dette er ei flott moglegheit til å bli betre kjent med eit av dei mest spanande industrimiljøa i regionen. Både for deg som er nysgjerrig på arbeidslivet, teknologi og framtidsretta løysingar 🌟

Vi gler oss og håpar vi sjåast! 🤩


Sjå filmen deira her 🎬👇

Kven sa at moglegheiter er vanskeleg å finne? 👀På Fabelaktig Fredag Søre Sunnmøre stiller denne gjengen med stand for å ...
27/10/2025

Kven sa at moglegheiter er vanskeleg å finne? 👀
På Fabelaktig Fredag Søre Sunnmøre stiller denne gjengen med stand for å møte DEG:

Bøstrand Transport • Furene • Green Yard Kleven • Hareid Group • Libra Plast • Metizport • Myklebust Verft • Måsøval • Norlandia Barnehage • Ode • Retura • Safe24 • Sibelco • Sparebanken Møre • Ulmatec • Ulstein Verft • Ulstein Betong • Ulstein Hotell • Ulstein Kommune • Vartdal Plast • Vik Ørsta • Volda Kommune • Volti • VY • Ørsta Kommune

💬 Ta ein prat • sjekk moglegheiter • bygg framtida

Vi har fortsatt plass til fleire verksemder! Har du eit behov for rekruttering ta kontakt med Jahn Christer N. Humberset:
✉️ [email protected]
📞 905 16 441

🌟 Dei nominerte til Nyskaparprisen 2025 er klare! 🌟Vi gler oss til å feire nyskaping, inkludering og nye måtar å tenke p...
22/10/2025

🌟 Dei nominerte til Nyskaparprisen 2025 er klare! 🌟
Vi gler oss til å feire nyskaping, inkludering og nye måtar å tenke på under Fabelaktig Fredag Søre Sunnmøre! 🎉

🙌 Dei nominerte er:
💙 Ode Processing Vartdal
💙 VOLTI
💙 Metizport

Desse bedriftene har gjort noko heilt spesielt:
💡 Tenkt nytt rundt rekruttering, inkludering og mangfald
🤝 Fått til kreative løysingar som har gitt folk jobb og skapt gode resultat over tid
📚 Satsa på kompetanseheving på nye måtar
🌟 Fått til ekstraordinære løysingar for jobbsøkjarar
💪 Og vist eit engasjement som går langt utover det forventa!

Vi heiar på alle dei nominerte og gler oss til å sjå kven som stikk av med prisen under Fabelaktig Fredag på Søre Sunnmøre! 🥳

🎉 Kven blir årets Ungdomssatsar på Fabelaktig Fredag Søre Sunnmøre? 🌟Prisen Ungdomssatsaren heidrar bedrifter og aktørar...
21/10/2025

🎉 Kven blir årets Ungdomssatsar på Fabelaktig Fredag Søre Sunnmøre? 🌟

Prisen Ungdomssatsaren heidrar bedrifter og aktørar som legg til rette for, inspirerer og gir moglegheiter til ungdom i regionen, både gjennom lærlingplassar og sterkt engasjement med lokalmiljøet.

I år er dei nominerte:
🏭 Vartdal Plast
⚓ Green Yard Kleven
💡 Hareid Group

Desse tre bedriftene viser korleis framtida på Søre Sunnmøre kan bli bygd saman med dei unge! 💪

Vinnaren blir kåra under Fabelaktig Fredag Søre Sunnmøre 🎶 den 07.11 på Quality Hotel Ulstein og Sjøborg kulturhus.
Hald av kvelden, dette blir både inspirerande og fabelaktig! ✨

20/10/2025

Bøstrand Transport finn du med stand på Fabelaktig Fredag Søre Sunnmøre 💎

Om du har behov for folk kan du melde bedrifta på med e-post til:
📧 [email protected]

Adresse

Sjøgata 10
Ulsteinvik
6050

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Fabelaktig Fredag Søre Sunnmøre legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Fabelaktig Fredag Søre Sunnmøre:

Del