Tysnes Ungdomslag

Ring Veibeskrivelse Kontakt bedriften

Tysnes Ungdomslag Tysnes Ungdomslag Tysnes Ungdomslag er eit ungdomslag som held til i ungdomshuset, Vonheim, i Våge. Huset vart bygd i 1923, men er bygd ut fleire gongar.

Seinast i ´03/04 då det vart bygd nytt storkjøken. Huset er mogleg å leige for dei som måtte ynskje det. Huset passar til dei fleste arrangement ein kan tenkje seg. Kontakt utleigeansvarlig på: [email protected] eller send ei melding til oss her på facebooksida vår! Styret som er vald for Ungdomslaget 2022 er følgjande:

Styreleiar: Irene Dalland
Nestleiar: Marianne Tvedt
Styremedlem: Oliver Nordtveit Fagerbakk
Styremedlem: Samuel Dalland
Styremedlem: Mathias Bakke
Styremedlem: Sigvard M Madsen
Kasserar: Steffen Sleire Opdal
Vara: Erlend Tvedt
Vara: Marcus Dalland
Vara: Johanne Dalland

Utleigeansvarleg: Cecilie F Hauge Hansen, epost: [email protected]

Tysnes ungdomslag håper å sjå mange ungdomsskuleelevar klokka 19-21 i kveld 🎃👻
31/10/2026

Tysnes ungdomslag håper å sjå mange ungdomsskuleelevar klokka 19-21 i kveld 🎃👻

Juhuuu!! Tysnes ungdomslag gler seg over å kunne invitere heile ungdomsskulen til Halloweenfest i Labyrinten/Vonheim 31....
21/10/2026

Juhuuu!! Tysnes ungdomslag gler seg over å kunne invitere heile ungdomsskulen til Halloweenfest i Labyrinten/Vonheim 31.10 kl 19-21. 🎃👻 Del gjerne det glade bodskap! Lyst til å hjelpe til? Kontakt oss på Messenger 🤩

04/09/2026

I kveld hadde me rundt 140 barn innom på barnedisco og ungdomstreff. SÅ kjekt 👏🏻

Ungane har både dansa, spelt spel, hengt i sofaen og handla i kiosken. Det var god stemning heile vegen, og DJ Didrik sørga for å halde liv i dansegolvet med både nye og gamle hits. 🪩💃🏻

Neste disco og ungdomstreff blir ein gang før jul.

Vil nemne at me tar både Vipps, kontanter og kort. (Sjølv om det kanskje er ein eigen sjarm når barna får bruke kontanter 💵)

Takk til alle som kom, og til alle som hjalp til. Me gler oss allereie til neste gang 🎉

Husk disco og ungdomstreff på fredag 💃🏻🪩
01/09/2026

Husk disco og ungdomstreff på fredag 💃🏻🪩

Ferien er over, og det er tid for skule og kvardag igjen! 🍂Me i Tysnes ungdomslag ønskjer hausten velkomen med BARNEDISC...
16/08/2026

Ferien er over, og det er tid for skule og kvardag igjen! 🍂

Me i Tysnes ungdomslag ønskjer hausten velkomen med BARNEDISCO og UNGDOMSTREFF i Labyrinten fredag 4. september! 🪩

Sjå plakatar for meir info
Me håpar mange unge håpefulle tek turen! 💃🕺

Asfalten er komen på plass på baksida av huset, slik at både vatnet renn vekk frå huset, og rørslehemma kjem seg smidig ...
16/07/2026

Asfalten er komen på plass på baksida av huset, slik at både vatnet renn vekk frå huset, og rørslehemma kjem seg smidig og lett inn. 😍
Vidare har me hatt ein nydeleg gjeng i sving gjennom sommaren som har måla og stelt fasaden. Vakrare har vel aldri Vonheim sett ut! Takk til alle som er med å bidrar til dette arbeidet🤩😍! Meld deg inn i laget om du vil bidra til å halda liv i Vonheim🇸🇯🌞🌞

Adresse

Våge
Tysnes
5680

Telefon

+4795049131

Nettsted

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Tysnes Ungdomslag legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Tysnes Ungdomslag:

Snarveier

Del

Arrangement/planleggingstjenester i nærheten