Mila Aktivitetssenter

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Mila Aktivitetssenter Mila aktivitetessenter er eit kommunalt hus som har som mål å fremje ein aktiv og meiningsfylt kvardag i eit sosialt fellesskap. Ope kvar fredag kl 10-15.

På Mila Aktivitetssenter finn du: dagsenter, fredagsgruppe, turgruppe, sanserom for avslappning, vaksenopplæring og utleige av lokale. Dagsenter: Dagsenteret gjer eit tilbod til personar busett i Nissedal kommune. Plass vert tildela via Tenesta for psykisk helse eller tenesta for funksjonshemma. Dagsenteret utfører til dømes saum av gardiner og reperasjon av klede. Me har og utsal kvar dag frå kl 10 til kl 15. Du er velkomen innom for ein handel eller prat. Fredagsgruppa: Fredagsgruppa er eit såkalla "lågterskeltilbod" eller trivselstilbod som blir drive i samarbeid med Tenesta For Psykisk helse. Her kan du treffe nye mennesker i trygge omgivnader. Du kan drive med ein aktivitet, men det er ikkje noko krav for å komme hit. Har du psykiske plager, eller er for mykje aleine kan dette vere noko for deg. Ta kontakt med:
Koordinator for psykisk helse :
Elin Fjalestad tlf 35048422/47805042
Dagleg leiar Mila:
Hilde Nore tlf 35045480/48136895.

😊Hei alle vener og kundar😊Er det nokon som har eple, pærer eller plommer til overs i hagen som Mila kan plukke og få?🍏🍎🍊...
27/08/2026

😊Hei alle vener og kundar😊

Er det nokon som har eple, pærer eller plommer til overs i hagen som Mila kan plukke og få?

🍏🍎🍊🍐🍈🍑🍒🍇🍒🍑🍈🍐🍊🍎🍏

☀️ Juni på Mila ☀️I går laga me «Paella på Milavis» til felleslunsj, og det smakte, som alltid! Aase er kreativ. Ho finn...
10/06/2026

☀️ Juni på Mila ☀️

I går laga me «Paella på Milavis» til felleslunsj, og det smakte, som alltid! Aase er kreativ. Ho finn på mykje me kan lage av «gamle» grønnsakar🍅🥒🥕

I dag var siste dag saman med Martin før sommarferie. Det blei ein skikkeleg avslutningskonsert🎶

Litt informasjon:
🚘Fredag 12. juni held Mila stengd. Då skal fredagsgruppa på tur til Vest-Telemark Museum i Eidsborg.

🏖️Tysdag 16. juni skal dagsenteret på tur til Sandnesodden, så då held me òg stengd.

🏡Torsdag 18. juni stenger me frå kl. 12:30. Då skal me heim på besøk hos Hilde.

🙋🏽‍♀️Mila tek sommarferie fredag 26. juni og opnar att måndag 3. august🙋🏼

Med ynskje om ein fin dag!

🌞Våren er framme på Mila!💐Det nærmar seg konfirmasjonstid, og me har framleis kjempefine kort med konvoluttar og tekstil...
23/04/2026

🌞Våren er framme på Mila!

💐Det nærmar seg konfirmasjonstid, og me har framleis kjempefine kort med konvoluttar og tekstildekor.

🌈Me har også starta eit nytt prosjekt: Vimpelgirlander! I skikkelig flotte pastellfargar. Desse har den nye daglege leiaren av Mila bestilt til bryllaupet sitt i mai. Me kjem nok til å lage fleire av desse til utsalet vårt🎨

🩷Symaskinene våre må ein tur på service, men me har vore så heldige å få låne av Nissedal Frivilligsentral!

Nå er det helg for oss på Mila.
Med ynskje om ei solfylt helg!☀️

🌷Då er det påskeferie for gjengen på Mila🌷🍳På tysdag laga kokken vår Aase, saman med brukarane, ein kjempe god fransk om...
27/03/2026

🌷Då er det påskeferie for gjengen på Mila🌷

🍳På tysdag laga kokken vår Aase, saman med brukarane, ein kjempe god fransk omelett til lunsj. Me fekk óg besøk av Mila-mor Hilde!

🗺️Heile veka har me jobba på spreng for å få klare årets toppturbrosjyrar. Me bretta om lag 2000 kart som ligg saman med brosjyrane. Klapp på skuldra!

🐣Torsdag markerte me siste dag før ferie med påskeegg-jakt langs Milastien. Det slo an med noko attåt kaffipausa.

🧡Tusen takk til alle som handla hareposar, dei blei jammen utsolgt! Det er alltid gøy når nye produkter i butikken slår godt an.

Med ynskje om ei god påske frå oss på Mila💛
Me sjåast att tysdag 7. april!

🐣Påskestemninga snik seg inn på Mila🐣I dag har fredagsgruppa hatt påskelunsj og påskequiz! Ein koseleg dag (som alltid) ...
20/03/2026

🐣Påskestemninga snik seg inn på Mila🐣

I dag har fredagsgruppa hatt påskelunsj og påskequiz! Ein koseleg dag (som alltid) fylt med sol, smil og sosialt fellesskap. Me har det fint her på Mila☀️

Hugs å kjøpe hareposar og tennrullar til påskeveka! 🐣

Med ynskje om ei god helg!
Me sjåast att måndag 09.30-15:00🌷

🌷🐰☀️🐣Hareposar🐣☀️🐰🌷Nytt produkt i Mila-butikken!Eit alternativ til det klassiske påske-eggeteller til anna bruk! Kom og ...
18/03/2026

🌷🐰☀️🐣Hareposar🐣☀️🐰🌷

Nytt produkt i Mila-butikken!
Eit alternativ til det klassiske påske-egget
eller til anna bruk!

Kom og kjøp📍Kr. 50,- per stk.
Me har i fleire fargar, men et begrensa antall!

Opent mandagar til torsdagar 09:30-15:00.

❗️Veke 14 er Mila stengd grunna påske❗️

17/02/2026

❄️Hei alle vener og kundar❄️

❣️Me vil gje beskjed om at me ikkje lenger tar imot sy-oppdrag. Dykk vil få beskjed dersom dette endrar seg.

❣️Mila-butikken er sjølvsagt fortsatt open!
Me selger framleis den berømte Mila-rullen.
Ellers kan dykk få kaupt både skoposar, vedposar, bunadsposar, gryteklutar, handlenett og sengesett til dokkevogn.. og plutseleg kjem det noko nytt!

Me vil takke alle kundar for at dykk har vald å nytte Mila til reparasjonar, og håpar dykk framleis vil kome innom utsalget.

Klem frå oss på Mila❤️

Her kommer en liten julehilsen som viser litt av det vi har drevet med i desember på Mila🎄Etter juleferien gleder vi oss...
16/12/2025

Her kommer en liten julehilsen som viser litt av det vi har drevet med i desember på Mila🎄Etter juleferien gleder vi oss til å bli kjent med vår nye leder Natalie ! Julehilsen fra Hilde, Aase og alle på Mila❤️

Adresse

Sagvegen
Treungen
3855

Åpningstider

Mandag 10:00 - 15:00
Tirsdag 10:00 - 15:00
Onsdag 10:00 - 15:00
Torsdag 10:00 - 15:00
Fredag 10:00 - 15:00

Telefon

35045480

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Mila Aktivitetssenter legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Mila Aktivitetssenter:

Snarveier

Del