Fjelljomfestivalen

Fjelljomfestivalen Fjelljomfestivalen 2026: info kjem

22/01/2026
Vi gratulerer Solveig Eide Grønningsæter med Bolstadprisen 2025 😀Her er grunngjevinga for årets pris:Bolstadprisen er ei...
12/09/2025

Vi gratulerer Solveig Eide Grønningsæter med Bolstadprisen 2025 😀

Her er grunngjevinga for årets pris:

Bolstadprisen er ei vidareføring av Emil Bolstads legat og skal vere ein stimulans til unge som fører vidare tradisjonane innan folkemusikk og/eller folkedans. Bolstad-slekta frå Hjelledalen i Oppstryn har fostra mange topp utøvarar både på fele og trekkspel i tillegg til å ha tilført ei mengd gode komposisjonar, og det var vidareføring av dei gode tradisjonane som låg Emil Bolstad sitt hjarte nær då han oppretta legatet. Då det vart avslutta og Bolstadprisen oppretta i staden, vart og det geografiske området for tildeling utvida frå Stryn til å gjelde heile landet. Det er styret i Spelemannslaget Fjelljom som har ansvar for prisen.
Vinnarane av Bolstadprisen tidlegare er Eli Fridtun Vereide, Åsmund Arnesen Farstad, Kristina Farstad Bjørdal, Emil Horstad, Hannah Moira Midtbø-Bruner, Hanne Kjøk og Synne Kjøk.

Prisvinnaren 2025 heiter Solveig Eide Grønningsæter og er frå Eidsdal på Sunnmøre. Ho er no 22 år og har spelt fele sidan ho var 6 år. Sidan både systra, mora og morfaren spelte fele var instrumentvalet naturleg. Men ho har og spelt kornett i korps og likar godt å danse. Fyrste felelæraren var Ingunn Linge Valldal som og leia Valldal spelemannslag og la til rette slik at dei unge spirane fekk vere med i laget. Solveig har sidan likt godt å spele i lag med andre og endåtil vikariert som leiar i spelemannslaget. Ho framhevar morfaren, Dagfinn Grønningsæter, som ein viktig støttespelar. Han har køyrt henne land og strand rundt og har alltid vore positiv og interessert i det ho held på med.

Solveig har satsa på skikkeleg utdanning innan tradisjonsmusikken og går no 4. året på Ole Bull Akademiet. Der har ho hatt Jorun Marie Kvernberg og Vegar Vårdal som lærarar. Fela er hovudinstrumentet, men dansen er og med som eit tillegg. Studiet har skaffa henne mange nye spelekameratar. Ho trivst ekstra godt med å få spele litt virtuos gammaldans som gjerne grensar til klassisk musikk. Denne interessa har ført henne inn i Per Bolstad si musikkverd med innøving av fleire komposisjonar frå hans hand. Albumet «Rosen» med Bolstad sine komposisjonar, innspelt av stjernetrioen Engegård/Svendsrud/Haugen, har fått ei høg stjerne hos Solveig, og ho har gleda seg til kurs med meisterfiolinisten Arvid Engegård på denne Bolstad-helga her på Videseter.

Dette haustsemesteret er Solveig utvekslingsstudent ved Sibelius-akademiet i Finland; eit akademi med særs godt rykte. Sjølvsagt vonar ho då å få lære nokre gode finske tangoar som ho har stor sans for og som er god tradisjon hos finske felespelarar.
Etter ferdig studie ved Ole Bull Akademiet står pedagogisk utdanning på planen. Solveig har lyst å kombinere lærarrolla med rikeleg speling med ulike grupper. Ei plateinnspeling i framtida er og i tankane.

Styret for Bolstadprisen er også i år svært nøgde med å kunne gje 20 000 kroner, diplom og den tradisjonelle Fjelljomtaburetten til ein verdig vinnar. Lukke til med Bolstadprisen og framtida!

FERSKE FELESPELARAR.Fjelljomfestivalen er eigentleg eit framhald av det vi kalla Fjelljomverkstaden der hovudfokuset var...
24/09/2024

FERSKE FELESPELARAR.
Fjelljomfestivalen er eigentleg eit framhald av det vi kalla Fjelljomverkstaden der hovudfokuset var felekurs for dei yngste. Og slike tilbod har vore fast i alle dei ti åra vi har hatt Fjelljomfestivalen. I år kjem tvillingsystrene Hanne og Synne Kjøk frå Garmo i Lom for å gje litt inspirasjon til ferske felespelarar. Dei to jentene har fullført folkemusikklina på Vinstra vidaregåande og er allsidige med både song, spel og dans. Dei er kjende frå TV-programmet Trollstilt i fjor og har hatt eigen folkemusikktime i NRK P2. Dei deltek og på Magne Maurset-konserten fredags kvelden i Skogstjerna og har fått tildelt hovuddelen av lærarkonserten i Fjellvarden laurdag kl 1330. Førebels er det altfor få unge som har meldt seg på til spelekurs med dei laurdag kl 1000, så de som les dette må hjelpe til å få dei unge spirane på plass. Meld på til [email protected] eller på tlf 48151317.

DANS, DANS!At dans gjer godt for både kropp og sjel skulle vere velkjent. Særleg springaren med sin fridom og innbyding ...
22/09/2024

DANS, DANS!
At dans gjer godt for både kropp og sjel skulle vere velkjent. Særleg springaren med sin fridom og innbyding til laussluppen kroppsbruk har hatt høg status, ikkje berre for dansarane, men og for spelemennene. Her i Nordfjord er vi så heldige å ha to typar av denne dansen: den gamle med jamn springerytme og den litt nyare med tredelt rytme. Det er mange år sidan Fjelljomfestivalen har hatt springarane på kurstilbodet, men i år har Asbjørg og Arne M. Sølvberg sagt ja til å dele kunnskapen sin med dykk. Dei har svært lang røynsle med danseundervisning og har sjølve gått heilt til topps i klasse A på Landskappleiken. Kurset er ope for folk i alle aldrar og du treng ingen førehandskunnskap. Nytt høvet og kom til Fjellvarden laurdag 28.9. kl 1500 for eit inspirasjonskurs fram til kl 1745. Andre dansar i nordfjordtradisjon kan verte smett inn i programmet for avveksling. Påmelding til [email protected] eller på tlf 48151317.

HARDINGFELE FOR DEI LITT ØVDEHonndalstausa Torunn Raftevold Rue har spelt fele og hardingfele sidan barneåra og har i la...
19/09/2024

HARDINGFELE FOR DEI LITT ØVDE

Honndalstausa Torunn Raftevold Rue har spelt fele og hardingfele sidan barneåra og har i lang tid vore A-klassing i kappleikssamanheng. Etter at ho busette seg i Telemark har ho vore drivkraft i rekrutteringsarbeidet og musikalsk leiar for spelemannslag. Men ho held nordfjordslåttane levande, og laurdag 28.9. kl 1000 - 1230 held ho inspirasjonskurs i hardingfele på Fjelljomfestivalen. Nytt dette sjeldne høvet og bli med! Påmelding til [email protected] eller tlf 48151317.

Adresse

Stryn
6783

Telefon

+4790999988

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Fjelljomfestivalen legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Fjelljomfestivalen:

Del