Rosendal Samfunnshus

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Rosendal Samfunnshus Eit hus der alle er velkomne. Huset er ope for alle som treng ein stad å halde fest eller høgtidsstund, møte eller føredrag, øving eller konsert.

Huset er ikkje bemanna. For kontakt send mail til til [email protected]

Butikkane i Skålagato i Rosendal vil vise kva dei har å by på og inviterer til heilaften på Rosendal Samfunnshus onsdag ...
05/10/2026

Butikkane i Skålagato i Rosendal vil vise kva dei har å by på og inviterer til heilaften på Rosendal Samfunnshus onsdag 14.10 kl 17.30.

Det vert mannekengoppvisning, tapas og sushi buffet frå Gjøa og gåvedryss.

Billettar hjå Rosenform. Kr 300,-

Velkomne til kjekke ting ein heil kveld🤩
💃🏻🎁💃🏻

Fint referat frå fin hending på Rosendal samfunnshus.
05/10/2026

Fint referat frå fin hending på Rosendal samfunnshus.

Kvinnherad kommune markerer den internasjonale eldredagen og inviterer til fest på Rosendal samfunnshus. Sjå her:
23/09/2026

Kvinnherad kommune markerer den internasjonale eldredagen og inviterer til fest på Rosendal samfunnshus.

Sjå her:

I samband med den internasjonale eldredagen inviterer Kvinnherad kommune og Frivilligsentralen til seniorfestar på Husnes og i Rosendal.
Følg lenka i kommentarfeltet for meir informasjon og lenke til påmelding!

Å sikre historia.I sommar vart arkivmaterialet vi hadde på Rosendal Samfunnshus, tilbake til det førre samfunnshuset var...
20/09/2026

Å sikre historia.

I sommar vart arkivmaterialet vi hadde på Rosendal Samfunnshus, tilbake til det førre samfunnshuset vart bygd tidleg på 60 talet avlevert.

Fylkesarkivet i Vestland som ligg på Leikanger var mottakar. Overleveringa gjekk føre seg på ein bensinstasjon på Voss.

Det er viktig å syte for at historia vert lagra på ein god måte. Det skal vera høveleg temperatur, luftfuktighet og brannsikkert. Det skal og vera mogleg å finne dokument om ein treng det.

Arkivet vårt var lagra rundt om i skuffer og skåp og i 2023 samla vi det i kassar med liste over kva som var i kvar kasse fordelt etter emne.

Det vart 21 kassar med det som overlevde brannen av førre samfunnshus pluss arkiv frå alle åra med det "nye" huset fram til i dag.

Det er ikkje ofte vi skal i arkivet men det er viktig å ta vare på historia på ein god måte

Nye muligheter for pizza i kjøkenvindauget🍕Denne laurdagen bestiller du på førehand  og hentar i vindauget til avtalt ti...
03/09/2026

Nye muligheter for pizza i kjøkenvindauget🍕

Denne laurdagen bestiller du på førehand og hentar i vindauget til avtalt tid.

😋👌

Male seg ut av et hjørne 🍀
14/08/2026

Male seg ut av et hjørne 🍀

Det er mykje aktivitet på Rosendal Samfunnshus i sommar. Det er blant anna fleire som feirer kjærleiken. Huset er drive ...
26/07/2026

Det er mykje aktivitet på Rosendal Samfunnshus i sommar. Det er blant anna fleire som feirer kjærleiken.
Huset er drive utan fast tilsette og når ein leiger til ei feiring må ein difor lage til alt og rydde opp etter seg. Det er ein stor jobb, men så får ein det også slik ein vil.

Styreleiar og dugnadssjef hjelper til der det trengs og ser til at det vi leiger ut fungerer.
Så er det opp til leigetakar å utnytte lokala og utstyret til beste for sitt arrangement.

Og vi må seie at huset vert fantastisk godt nytta. Stemninga skiftar etter dekor og arrangement. Her kan det bli kva som helst og mykje er langt forbi det ein kan tenkje seg. Sååå flott!

Det kjem fleire bilete i bryllupsmappa om litt. Her er frå førebuingar laurdag morgon der vi heiste flagg for kjærleik og pussa måseskit av vindauga. Rydda litt og såg til før bryllup tok til.

💕

Til helga, LØRDAG 18. juli blir det fart på kjøkkenet igjen.Bror pizza mater opp surdeigen og sveiver i gang den store o...
15/07/2026

Til helga, LØRDAG 18. juli blir det fart på kjøkkenet igjen.

Bror pizza mater opp surdeigen og sveiver i gang den store ovnen fra kl 13.

Pizza får du ved å komme i kjøkkenvinduet å bestille.

Pop-up pizza av den supergode sorten.

17/06/2026

Rosendal skulekorps avsluttar sesongen med ein liten konsert på torsdag 18. juni kl 18.00.

Har du ein 2. klassing eller eldre som vil lære seg eit instrument så er det prøveblås og tromming også på torsdag.

🎺🥁

I kveld vart det halde årsmøte i organisasjonen Rosendal Samfunnshus.Huset er eigd av Rosendal Turnlag, Rosendal Musikkl...
06/05/2026

I kveld vart det halde årsmøte i organisasjonen Rosendal Samfunnshus.

Huset er eigd av Rosendal Turnlag, Rosendal Musikklag, Rosendal Skulekorps, Rosendal Helselag, Rosendal Songlag, Rosendal Båtlag og Kvinnherad Senioruniversitetet.

6 personar utanom styret møtte på årsmøtet.

Årsmelding for 2025 og andre dokument i høve møtet finn du på samfunnshuset si heimeside. (sjå lenke lenger ned her)

Det nye styret er mest prikklikt det gamle styret:

Styreleiar: Trygve B Torjusen Attval for 1 år.

2 styremedlem: Martha Skeie Olsen og Tor Øystein Havnerås 1 år att.

2 styremedlem: Rolf Lothe og Gunn Marit V. Flatland attval for 2 år

1 varamedlem Cecilie Opedal for 1 år, ny
2 varamedlem Karl Øiyvind Kristiansen, attval
3 varamedlem Ingve Hesjedal, attval

🙏🙏🙏🙏🙏🙏🙏

Det vert med dette kalla inn til Årsmøte i Rosendal Samfunnshus onsdag 6. mai kl 19.00  rom 208 på Rosendal Samfunnshus.

Adresse

Rosendalsvegen 4
Rosendal
5470

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Rosendal Samfunnshus legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Rosendal Samfunnshus:

Snarveier

Del