04/09/2026
SEMINAR FOR UNGDOM PÅ DIKTARDAGAR
I dag deltok elevar frå ungdomsskulane i Lom, Skjåk og Vågå og frå dei vidaregåande skulane i Lom og Otta på seminar for ungdom. Tema for årets festival er Draumar. Vi fekk høyre Ragnill Tessnes fortelja om det å få ein alvorleg kreftdiagnose sommaren før ho skulle starte på vidaregåande. Ragnill fortalde om korleis ho har takla sjukdommen og behandlinga, om draumar som vart sett på vent og om å få eit litt nytt perspektiv på livet. Ho samtala med læraren sin, Kari Ousten Lyngved, og delte sjukdomshistorien med nær 250 ungdommar. Vi er djupt imponerte over Ragnill både i dag og over måten ho har takla sjukdommen og behandlinga på. Vi ynskjer Ragnill alt godt vidare.
Etterpå held Tale Maria Krohn Engvik, betre kjend som Helsesista, foredraget "Våg å være". Ho oppfordra dei unge om å våge å vise både glede og sorg, prate med nokon om det som er vanskeleg og om at alt ikkje må vera perfekt. Ho prata om å følge draumar, men òg om å justere dei og finne nye om det er ein som blir knust.
Etter pause var det bokbad. Sigrid Strind og Thea Øien, elevar ved Jotunheimen vidaregåande skule, samtala med forfattar Erling Andre Flote om ungdomsromanen Utveg. Boka handlar om odelsjenta Johanne, om å bu i ei lita bygd og lengte ut og på same tid vera bunden til bygda og garden, om kven du er og kven du vil vera. Biblioteket har lånt inn i overkant av 60 eks. av boka, så mange ungdommar kjenner nå godt til Utveg.
I pausa serverte skulen smakfull og god kjøttsuppe til alle frammøtte.
Stor takk til Ragnill, Thea og Sigrid, til Helsesista og Erling, til Kari som òg leia programmet. Takk til lærarar ved Jotunheimen vgs for ypparleg suppe og servering. Takk til alle elevar og tilsette som deltok, takk til skular frå nabobygdene som tok turen til Lom i dag for å delta på seminaret.