Bli hjå oss i Ottadalen

Veibeskrivelse Nettsted

Bli hjå oss i Ottadalen Dei tre gode nabokommunane i Ottadalen har gått saman om prosjektet «Bli hjå oss», der målet er bu- og blilyst.

Følg med framover 🤗 Sponsa av Lom, Skjåk, Vågå og Innlandet fylkeskommune.

Vi blir fleire 🤩I andre kvartal i 2026 viser tal frå SSB at Vågå har hatt ei folkevekst på 14 personar, Lom på 10 person...
24/08/2026

Vi blir fleire 🤩

I andre kvartal i 2026 viser tal frå SSB at Vågå har hatt ei folkevekst på 14 personar, Lom på 10 personar og Skjåk har minus 1.

Folkevekst blir berekna ut frå fødselsoverskot og nettoinnflytting (inkl. inn- og utvandring). Talet vil variere ein del frå kvartal til kvartal, men det er alltid gledeleg å sjå eit overskot 😃

Vågå og Lom veks med 14 og ti, Skjåk har ein i minus!

20/08/2026

I dag startar reinsjakta!🍂 Ein viktig tradisjon og interesse for mange som bur og vil busetja seg i Ottadalen .

Bli med på storstilt opning av Jotunheimen vidaregåande skule måndag 17.august frå kl 9!🥳
12/08/2026

Bli med på storstilt opning av Jotunheimen vidaregåande skule måndag 17.august frå kl 9!🥳

Velkomen til ein dag for historiebøkene!

Klokka 09:00 måndag 17. august 2026, inviterer vi til offisiell opning av Jotunheimen vidaregåande skule ❤️

Dette er eit stort steg for utdanning og utvikling i dalen vår, og ein festdag vi har sett fram til å dele med dykk. For dette har vi fått til saman! 🥹

Vi er så stolte og glade for å ha med oss eit stjernespekka lag på scena denne dagen. Matoma kjem, og stiller opp for oss slik han har gjort heile vegen. Vår eigen lokale artist, Lina Haug vil bidra til å gjere markeringa ekstra minneverdig, og Hans Solbakken leier oss gjennom dagen som konferansier.

Opninga av Jotunheimen vidaregåande skule er berre starten. Eit tosifra antal stortingsrepresentantar har allereie bekrefta at dei kjem til Lom denne dagen, og i den politiske debatten i Utgard set vi søkjelyset på framtidas distriktspolitikk.

Som ei høgtideleg avslutning på dagen samlast vi i Lom stavkyrkje. Her rundar vi av dagen saman – med rom for takksemd, ettertanke og glede over alt vi har fått til, og alt som ligg framfor oss.

Program for dagen:

08.30–08.45 Oppmøte ved hovudinngangen til Utgard

09.00 Snorklipping av Hanna Gjeilo Skjåkødegård og offisiell opning

09.00–11.00 Opningsseremoni i idrettshallen

11.30–12.30 Kakefest i Utgard for alle / lukka lunsj for elevar og gjestar

12.45–13.30 Politisk debatt

13.30–14.30 Pause, mingling og medieintervju

14.30–15.15 Skulegudsteneste i Lom stavkyrkje

Dette er ein festdag, så nokon kjem i bunad, andre i finstasen, mange i heilt vanlege klede – du bestemmer sjølv. Det viktigaste er at du føler deg vel. Vi oppmodar alle til å flagge! 🇳🇴

Hjelp oss gjerne med å spre ordet – del dette innlegget og ta med deg venner, familie, kollegaer og naboen! 🥳

Varmt velkomen, helsing styret og rektor ved Jotunheimen vidaregåande skule

Foto: Edvard Kielland Mølmen

06/08/2026
06/08/2026

⛱️🌤️Er du attende frå ferie og treng nokre ekstra lyspunkt utover seinsommaren og hausten? Her er nokre tips til hendingar i Skjåk, Lom og Vågå framover; alt frå Sotdur til fjelltur:

🟠AUGUST
6.august: Diskgolf i Skjåk, i regi av DNT Gudbrandsdalen: https://fb.me/e/9CEjTUFiJ
7.-9.august: Musikkfestivalen Sotdur på Sota Sæter: https://www.sotdur.no/
8.-9.august: Konsertar og foredrag i Glømsdalsstugu (Lom Bygdamuseum, Presthaugen): https://www.gudbrandsdalsmusea.no/
10.august: Familietur på Galdhøpiggen, i regi av DNT Gudbrandsdalen: https://fb.me/e/92zBmt0Ng
12. august: Klatrekveld i Skjåk (utandørs), i regi av DNT Gudbrandsdalen: https://fb.me/e/4OUNc25OU
13.-16.august: Traktorrock i Vågå: https://www.traktorrock.no/
13.august: Diskgolf på Lalm, i regi av DNT Gudbrandsdalen: https://fb.me/e/24sxLtF5FP
17.august: Offisiell opning av Jotunheimen vidaregåande skule: https://lom.friskus.com/events/d64b3efd-27e0-4a78-beaa-7b0528ddab65
21.-23.august: Toppturhelg i Glitterheim, i regi av DNT Gudbrandsdalen Gudbrandsdalen: https://fb.me/e/7MHyhiin7
22.-23.august: Finnasus Grendefestival i Vågå: https://lom.friskus.com/events/0962de34-0b10-4d7f-9e5b-ed1d0c55ecdb
27.august: Minikonsert på Dagsturhytta i Lom, i regi av Bli hjå oss i Ottadalen: https://lom.friskus.com/events/bb07e12f-0f10-4acb-a54f-f4ce8f8678eb
28.-30.august: Kurs om klatring på naturlege sikringar, i regi av Jotunheimen Fjellsportklubb: https://fb.me/e/9F9HWLcc2
29.august: Sjårdalsløpet 2026: https://lom.friskus.com/events/2c4b9b59-102f-4873-b577-064307756921
30.august: Fel-Jakup i ord og tonar, i Glømsdalsstugu (Lom Bygdamuseum, Presthaugen): https://lom.friskus.com/events/e03a9ab4-16a8-430b-8c85-c78a9a7df057

🟠SEPTEMBER
2.-6.september: Diktardagar: https://diktardagar.no/program-og-billettar/
4.-6.september: Tons til fjells på Gjendesheim: https://www.facebook.com/share/1F33N2d2zn/?mibextid=wwXIfr
6.september: Reinheimen 20 år: Jubileumstur, i regi av Norsk fjellsenter og Reinheimen nasjonalpark: https://fb.me/e/25HHlsFoVP
14.september: Foredrag om Beredskapshagen, i regi av Norsk fjellenter: https://fb.me/e/24rjeMEYqX
17.september: Teaterframsyning med Teater Innlandet: "En sorg som min": https://lom.friskus.com/events/2d0303ac-01e0-41f8-a011-29a329f882e0
19.september: Lomsturnering 2026, i regi av Lom idrettslag: https://fb.me/e/9DkEUqqBC

Det kan hende det er arrangement som vi har gløymt å ta med. Sei gjerne frå 😊

29/07/2026

💚

Adresse

Sognefjellsvegen 6
Lom
2686

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Bli hjå oss i Ottadalen legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Snarveier

Del