15/10/2026
På ein sånn regntung oktoberdag må det vere lov å kaste blikket tilbake til ein augustdag - som riktignok var like regntung men samtidig fylt med fargar, glede og kjærleik. Takksam for å ha fått desse stemningsfulle bilda frå dyktige Bryllupsfotograf & brandingfotograf Bergen | Inger Paulsen, og takksam for å ha fått eit så gøy oppdrag der brura hadde bukett med alle fargane, og åtte forlovarar/brudepiker hadde små bukettar i kvarsine fargar trekt ut frå brurebuketten - rosa, gul, fersken og lilla. Borddekoren var mengder med småvaser og lavendelfarga band og stearinlys bandt det heile saman. Stas å få lov til å vere med på å bringe brureparets visjon til live!