11/08/2025
No nærmar det seg 💚
SNART TOMT, MEN DET BLIR KAKE! 👏😀😀
Etter 38 år er det snart slutt for Bellis Blomster.- Men det blir kake og kaffi på laurdag, og så startar vi førebuingane for fullt til å begynne på Mester Grønn, seier dei tilsette på blomsterbutikken på Alti Førde.
Dei fleste kundane har venteleg registrert at vareutvalet ved Bellis Blomster gradvis har blitt redusert dei siste vekene. Dette fordi den tradisjonsrike blomsterbutikken ved Alti Førde avviklar, og dei tilsette går inn i Mester Grønn-kjeden.
Ny framtid 😀😀😀
- Det har vore mange spørsmål om kva som skjer med oss. Men vi held fram som vanleg her i Bellis Blomster til og med førstkomande laurdag. Då blir det kake og kaffi, og ikkje minst håpar vi at mange av våre trufaste kundar stikk innom. Vi sel framleis ferske snittblomster i butikken, men det meste av inventaret er allereie seld ut. Så det ser ganske tomt ut no, fortel Bjørg Årdal Nygård som saman med dei andre tilsette snart er klar for nye utfordringar.
På opplæring 👏👏👏
- Ja, og så skal vi på opplæring i 14 dagar. To av oss reiser inn til Lagunen i Bergen, medan to reiser til Mester Grønn-butikken i Sogndal. Når vi dessutan har gjort oss kjent med den nye Mester Grønn-butikken som er under oppbygging på nordbygget her ved Alti Førde, så er vi klare for å ta i mot nye og gamle kundar torsdag 11. september. Så vi går ei hektisk tid i møte, smiler ho og lovar kaffi og kake i butikken laurdag 16. august. For å markere endringa på at det er slutt med 38 år med Bellis Blomster, og at det snart er klart for Mester Grønn.
- Frå klokka 12.00 blir det kake og kaffi her. Så då er det berre å stikke innom. Det har vore 38 fantastiske år, og vi har møtt utruleg mange flotte kundar i løpet av den tida. Så vi håpar mange stikk innom, seier Bjørg Årdal Nygård.
BILDE: Dei tilsette ved Bellis Blomster markerer 38 år med butikkhistorie er slutt førstkomande laurdag klokka 12.00. Frå venstre Bjørg Årdal Nygård, Katrine Stubhaug og Nina Elisabeth Årdal Johsen. Heidi Berg Aalhus var ikkje til stades under fotograferinga.