28/10/2024
Vi gleder oss til å møte handel- og servicenæringa på Handelskonferansen 2024: Handel & Service i Førde på torsdag! 🤩
På årets konferansen skal vi blant anna kåre årets servicebedrift og servicemedarbeidar, sjekk ut dei nominerte her: https://hkforde.no/karing/
SET FOKUS PÅ SERVICE OG HANDEL 👏👏👏
For tredje året på rad blir det torsdag 31. oktober arrangert Handelskonferanse i Førde. - Vi har eit utruleg spennande program i år, med både nasjonale og lokale førelesarar, seier Trond Valaker i handelsgruppa i Førde industri og Samskipnad (FINS).
- Fokus på handel og service er viktig for alle som driv næring i servicebyen Førde. Mange er alt påmelde, men vi vil ha med endå fleire, også dei som lurer på om dei er i målgruppa. Det er nok mange som trur at dette berre er for handelsnæringa, men dei fleste innanfor både det private og offentlege arbeidslivet har truleg mykje å lære når det gjeld service. Dette er noko vi opptekne av, og som vi prøvar å formidle på denne konferansen, seier Svein Inge Bjørkedal frå selskapet Hending, som er teknisk arrangør av konferansen.
Mange dyktige 👏👏👏
På innhaldslista kan vi finne kjende føredragshaldarar, både lokale og nasjonale.
- Vi kjem til å ha eit mangfald av førelesarar, som til dømes lokale førelesarar som John Helge Lunde, Trond Ueland, Cecilie Grydeland Lundsholt og Arne Sæterbakken. Av nasjonale kapasitetar har vi Irene Kinunda Afryie, Bror William Stende, Malin Arntsen og Richard Løvehjerte Rosendahl. Ta ein titt inn på programmet, så finn du sikkert ut litt meir om desse, seier Anne Karin Steen og håpar at alle som på eit eller anna vis jobbar med service overfor kundar tek turen på Scandic Sunnfjord Hotel torsdag 31. oktober.
- Fristen for å melde seg på går ut 28. oktober, og vi håpar verkeleg å fylle heile Sunnfjordsalen denne dagen. På dagtid er programmet retta først og fremst mot leiarar, administrasjon og personalansvarlege, medan det på kveldstid er retta meir fokus mot medarbeidarane, seier Rune Øksenberg.
Kåring 🤩🤩🤩
Det er Førde industri- og Næringssamskipnad si handelsgruppe som står som arrangør av Handelskonferansen, og på kvelden vil det vere spennande kåringar.
- Mange kallar oss for handelsbyen Førde, og på kvelden vil vi kåre «Årets servicebedrift» og «Årets servicemedarbeider». Dette er ei kåring vi gjer saman med Avishuset Firda. Så gå inn og stem du også, seier Anne Karin Steen.
Link til programmet:
https://hkforde.no/
Link til Firda si avstemming:
https://forms.office.com/pages/responsepage.aspx?id=XGStyhZikkmgc02Fxu4qaa-KkRVzTZRHl_fl66TUGABUQzZSWjZJWFNCQjlVRVNYRzNWTTlESEtGVC4u&route=shorturl
Tekst og foto: Stig Roger Eide