20/09/2026
Råskinn frå Breimsbygda (Eggenipa 4H) med våtdrakta på i 3 dagar !
Vi har hatt tidenes våtaste leir i Krokpollen denne helga. I tillegg ein del vind. Direkte ufyseleg, utriveleg, pissvått, gjørmete, og sleipt.
Destruktive tankar streifar hovudet, og sangen "Mellom bakkar og berg" og setninga "gjev eg var i eit varmare land", kan fort bli ein realitet.
Men regjeringa spanderer vel ein sydentur, alternativt ei solid skattelette, for halvdrukna Vestlendingar etter denne "sommaren".
Denne helga var vi glad for å ha dei tøffaste og barskaste råskinna i landet på besøk i Krokpollen: Breimningar !
Dei kledde seg i våtdrakt kvar dag, og gav seg i kast med vèrgudane.
Med åpne sluser frå oven var det like vått på land som i sjø. Skilnaden på land og hav var berre saltinnhaldet.
Eggenipa 4H mønstra 29 ungdomar og 8 voksne. Omlag alle, også voksne, kasta seg i havet, gav seg i kast med store bølger i småbåtar, og padla kajakkar i motvind med regnet piskande i ansiktet. Her skulle det badast og fiskast. FRISKT !
Tidvis var det så mykje vèr, at ein måtte berre smile. Og smile gjorde dei. Ikkje ei einaste sur mine eller ein einaste sutrande tone var å høyre.
FOR EIN GJENG !
Slike dagar er det ei lukke at Krokpollen har sjøen tett på, for havet har plass til alt som måtte kome ovanfrå.
Ei lukke at vi også har TAK i Krokpollen. Tak er undervurdert, og heilt avgjerande for busetnaden på Vestlandet.
Ein tørka derfor opp mellom øktene, og innandørs hadde vi det heilt glimrande.
Kjøkkenteneste for deltakarane, under leiing av voksne, gav gode måltid, og sjølvsagt kroppsvarme - ettersom 3/4 av det vi stappar inn i munnen går til varmeproduksjon.
Tusen takk til sambygdingar i Eggenipa 4H, både små og store, for ei triveleg og RØFF helg, og ikkje minst for å etterlate ein strøken leir.
Stolt av dåkke !
PS: Det var nokre solglimt innimellom, og då var vi kjappe og tok nokre bileter !
Leirsesongen i Krokpollen er dermed over for i år. Ei heftig og fuktig avsluttning - og vellukka - den også...
Heile 31 arrangement har vi hatt denne sesongen, med varigheit frå 3 til 9 døgn, der 4 døgns arrangement er mest vanleg.
No gjenstår berre 9 døgn med "ungdom i medvind" i haustferien. Deretter vinterlagrar vi båtar og utstyr, sikrar brygger og båtar, og flyttar aktiviteten i Norsk Kystleir til Byrkjelo frå november.
PS 2: Tusen takk til alle som føl facebook-dagboka til Norsk Kystleir !