Bondalen Grendahus

Bondalen Grendahus Den offesielle facebooksida for Bondalen Grendahus. Ein perfekt stad for bryllaup, barnedåp, konsertar og teater, innendørs og utendørs. Møter, m.m

Vi tek brannvern på alvor! I ettermiddag har det vore brannøving på grendahuset, og brannmannskapet på Sæbø fekk teste n...
18/11/2025

Vi tek brannvern på alvor! I ettermiddag har det vore brannøving på grendahuset, og brannmannskapet på Sæbø fekk teste ny brannbil i utrykninga🚒 Vi hadde fem markørar inne som røykdykkerane måtte søke etter. Dette er god trening for oss som er ansvarlege for huset, og ikkje minst for den lokale gjengen som er på vakt🧑‍🚒👨‍🚒 Vi tek med oss både det positive, og det som vi kan verte enda flinkare på i det vidare brannførebyggjande arbeidet!

I dag startar bygderyddinga i Bondalen. Retura kjem med container for metall og elektrisk avfall i løpet av dagen. Bruk ...
05/05/2025

I dag startar bygderyddinga i Bondalen. Retura kjem med container for metall og elektrisk avfall i løpet av dagen. Bruk dei godt og hugs å sorter rett😇

🌿 Bygderyddinga er i gong! 🌿

I går starta den årlege bygderyddinga og i vekene framover vil vi saman med Retura Søre Sunnmøre AS sette ut kontainere for elektrisk avfall og metall i 10 bygder rundt om i Ørsta kommune.

I kontainerane kan du levere:​

🔌 Elektrisk avfall og kvitevarer (eigen kontainer):

✅ Komfyrar, oppvaskmaskiner, vaskemaskiner
✅ Kjøleskap, frysarar
✅ Leidningar, småapparat og liknande​

🔩 Metall og skrapjern (eigen konteiner):

✅ Jern og metallgjenstandar
✅ Syklar, rekkverk, røyr, vedomnar
✅ Anna metallskrap (ikkje bygningsavfall eller farleg avfall)​

🚫 Det er ikkje tillate å levere: restavfall, trevirke, bygningsmaterialar, hageavfall, bildekk, møblar eller farleg avfall.​

📅 Tidspunkt for når vi sett ut kontainere i dei ulike bygdene i Ørsta:

➡️Follestaddalen og Standal: 22.04 – 28.04
➡️Barstadvik og Nordre Vartdal: 28.04 – 05.05
➡️Bjørdalen, Bondalen, Øye og Urke: 05.05 – 12.05
➡️Åmdal og Vatne: 19.05 – 26.05​

📍 Innbyggjarar i Volda kommune får tilbodet etter sommarferien – meir info kjem når det nærmar seg! 😃

Kom på marknad i nymåla storesal og lisjesal🥳❤️
16/03/2025

Kom på marknad i nymåla storesal og lisjesal🥳❤️

Vi inviterer til marknad 6.april på Bondalen Grendahus, i nymåla storesal og lissjesal 🤩🥳 Kom og sjå kor flott me har fått det 💚

08/03/2025

har nok sett mykje aktivitet på grendahuset siste tida, og dugnadstimane aukar kvar dag💪🏻😊

I storesalen arbeider dei innleigde malerane og vi ser framgong frå dag til dag🤩

Vi gler oss til å vise det endelege resultatet🤗 Og du? Har du fått med deg spleisen vår? Del den gjerne, vi sett pris på kvart eit bidrag❤️

Oppgradering av storesalen og lisjesalen på Bondalen grendahus https://spleis.no/bondalengrendahus

01/02/2025

Konfirmant i år? Bondalen grendahus har ledig kapasitet til konfirmasjon 10.-11. mai. Ta kontakt med Åse-Lill eller på Messenger om det kan vere aktuelt😊

Hei😊 Etter ei synfaring på grendahuset no i kveld kan vi konkludere med at det å ha slike containarar er gull verdt for ...
16/04/2024

Hei😊 Etter ei synfaring på grendahuset no i kveld kan vi konkludere med at det å ha slike containarar er gull verdt for bygdefolket.

Men, det er ikkje ei sjølvfølge..eg har vore i kontakt med Retura no i kveld, og ut i frå bilda eg har tatt, så treng muligens sjåføren hjelp frå traktor eller liknande for å få igjen dørene.

Er det nokon som har høve til å stille med traktor i morga tidleg mellom 08.00-08.30? Fjøstid for mange kanskje, men eg må prøve🫣😇

🔸🔵♻️BYGDERYDDING 2024♻️🔵🔸Komande veke kjem det konteinarar til metall og elektrisk avfall til Bondalen Grendahus☺️ I år ...
07/04/2024

🔸🔵♻️BYGDERYDDING 2024♻️🔵🔸
Komande veke kjem det konteinarar til metall og elektrisk avfall til Bondalen Grendahus☺️

I år vert det kun høve til å levere avfall i desse konteinarane, og ikkje i Sæbø sentrum. Sjå og les på bilda på kva du kan levere👇🏻

30/08/2023

‼️Info til bygdefolket om brannøving‼️
🔥 I ettermiddag/kveld (30. aug) skal BFUL gjennomføre brannøving på grendahuset saman med Ørsta Brann og redning🚒 Huset skal fyllast med «røyk», og BFUL (og nokre kjekke vener) stiller som markørar som skal bergast ut. På denne måten får ein øve utan å bruke anna stort bebudd hus, som t.d. Hjørundfjordheimen. Vi håpar øvinga vert til god nytte for brannkorpsa på Sæbø og i Ørsta, som gjer ein viktig jobb i samfunnet vårt🔥

Om du ikkje hadde tid i det fine påskevéret, så er det perfekt å rydde litt heime denne helga. Komande veke kjem det con...
15/04/2023

Om du ikkje hadde tid i det fine påskevéret, så er det perfekt å rydde litt heime denne helga. Komande veke kjem det containarar til Bondalen Grendahus☺️ Sjå og les på bilda på kva du kan levere👇🏻 Visste du at du kan bestille henting av restavfall og trevirke frå Retura?

Swingkurs på Bondalen Grendahus komande fredag og laurdag. Laurdagskveld vert det påskedans med trubadur Børre Lødemel🎶😃...
30/03/2023

Swingkurs på Bondalen Grendahus komande fredag og laurdag. Laurdagskveld vert det påskedans med trubadur Børre Lødemel🎶😃

Påmeldinginformasjon til swingkurs og billettar til dansen finn du under👇🏻👋🏻😃

Adresse

Bondalsvegen 777
Ørsta
6165

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Bondalen Grendahus legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Bondalen Grendahus:

Del