23/02/2026
🥚🍳🐔 TRENG DU EGG? 🥚🍳🐔
Når iskremproduksjonen startar opp att om ikkje så lenge, kjem me til å trenge dei fleste egga sjølve, men enn så lenge har me overskot nok til å selje.
Egga får du kjøpt på Nøsteriet på Dalen, eller ved å ta kontakt her i kommentarfeltet eller på Messenger-melding. Dersom det passar, kan me levere egg der me køyrer forbi, eventuelt setje dei ned på mjølkerampa i ein frostsikker emballasje til eit tidspunkt me avtalar. NB: Me har ikkje utsal heime på småbruket.
Medium egg er mellom 53 og 62,9 gram og kostar 55 kr for 12 stk.
Store egg er frå 63 gram og oppover og kostar 60 kr for 12 stk.
PS: Me er ikkje med på REKO-ringen Vest-Telemark 🥕🥩 denne månaden, fordi me må konsentrere oss om andre prosjekt akkurat no! Mellom anna har me akkurat blitt ferdige med å lage til nytt hønsehus! Det har vore på planen ei stund, men grunna vasslekkasje med påfylgjande straumkrøll midt i kuldeperioden måtte me hive oss rundt litt raskare enn me hadde tenkt.
Gunn har planlagt, bestilt, kommandert, stifta og skrudd, snille Paul har snekra, montert og drive generell problemløysing og Sigmund frå Strømstad elektro har lagt opp straum. Så no har hønene mykje betre plass inne! Dei har ljos i taket, varmerør under vaglane, avtrekksvifte, uavgrensa tilgang på økologisk, soyafritt hønsefôr og vatn, mykje dagsljos og ein stor spegel!
I tillegg til hønsefôr får dei grønsaksskrell og avskjer frå kjøkenet og hagen, litt "godteri" i form av mais og tørka mjølorm, heilkorn av kveite og bygg og ertespirer. På etterjolsvinteren får dei resten av joleneka! Og får eg mjøl som går ut på dato, kokar eg graut til dei av dette og blandar inn andre ting dei likar. Dette er veldig populært!
Og trivselen er stor, så egga trillar ut som perler på ei snor!
🥚🥚🥚🥚🥚🥚🥚🥚🥚🥚🥚🥚🥚🥚🥚🥚🥚🥚🥚🥚