10/07/2026
Det har vore stille frå oss den siste tida, men det betyr ikkje at det ikkje skjer noko i grendahuset 😎
Dei siste månadene har vi vaska, rydda og reinsa. Kjøkenet har vorte vaska ned, og alt kjøkenutstyr er vaska. Alle stolane har vorte reinsa og vaska. Vi har òg fått på plass rullegardiner i salen i 1. etasje, takka vere Fotlandsvåg ungdomslag. I tillegg vart gardinene der vaska (tru det eller ei, men dei er faktisk kvite).
På kontoret i 2. etasje er det ein del gamle papir. Her dukka det opp mykje rart – både gamle teikningar av huset, politivedtekter frå Hosanger herad og brev frå lensmannen i Osterøy frå 1985 😂
Det har òg gått ein del tid til planlegging av ny trapp og innkjøp av utstyr for å skifte vindauge i salen oppe. Dette er arbeid som i hovudsak må gjerast på dugnad, og vi håpar mange vil stille opp på dugnad til hausten 🤩
No tek vi ein velfortent sommarferie ☀️