26/10/2026
Okei, LUKK AUGO OG SJÅ DET FOR DEG DETTE…
Du kjem inn døra på Austrheim Samfunnshus…
Den raude løparen er rulla ut…
Du blir møtt med ein velkomstdrink…
Musikken dunkar gjennom lokalet, og plutseleg kjem Beyoncé med «Who Run the World?»
GIRLS!!! (Altså oss, e du med?)
Der står to smilande (og kanskje litt småstressa 🤣) damer – Silvia & Karianne – klare til å ta imot deg og gjengen!
Så går me vidare inn i storsalen:
Menn i dress står klare til å servere i baren…
Eit langbord fylt med deilig tapas…
Rosa pynt, lys og glitter overalt…
Goodiebags fulle av overraskingar…
Musikk, latter, dans og (sålangt!) nesten 100 (kanskje enda fleire?!) fantastiske damer samla under same tak!
Og midt oppi alt dette står me to og tenkjer:
Herregud, tenk at alle desse fantastiske nydelige kvinnfolka vil tilbringe denne laurdagen med oss to! 🥹
For me nærmar oss faktisk 100 SELDE BILLETTAR!! 🤯 altså, WOW!
Men vent litt…
Me har gløymt noko.
Noko ganske VIKTIG, faktisk… (syns eg Karianne)
HOVUDGEVINSTEN!!!
Me har jo heile tida snakka om at éi heldig dame skal få med seg ein STOR premie heim…
MEEEEEN…
Det har beklagelig nok skjedd ei lita endring i planane våre.
Me skal ikkje berre ha ei stortrekning, for den del ikkje to heller….
For takka vere heilt fantastiske og rause samarbeidspartnarar har me vore så utruleg heldige at me no kan avsløre:
ME SKAL HA HEILE TRE STORTREKNINGAR!!! 🎁
TRE heldige damer skal få med seg kvar sin fantastiske gevinst heim frå Ladies Night! 🥹💖
Me er så takknemlege for alle som har bidrege, alle som har kjøpt billett, og alle som heiar på oss!
Dette starta med ein idé om ein kjekk jentekveld…
No er det i ferd med å bli noko mykje større enn me nokon gong hadde sett føre oss! ❤️
14. NOVEMBER 2026
Austrheim Samfunnshus
Billett: 200 kr
20 års aldersgrense
Barsalg
Og du… har du ikkje kjøpt billett enno? KVA VENTAR DU PÅ?! 🤣
Klem frå to spinnville, overlykkelege og ekstremt takknemlege damer – Silvia & Karianne! 🥹❤️
Girls support girls! 💖